Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Ein innrømmelse

Mest fordi eg kom heim frå Austlandet og ikkje kom på at eg skulle reise til Bergen før eg faktisk reiste til Bergen, enda det opp med at eg ikkje fekk sagt skikkeleg hade til alle eg hadde tenkt å seie hade til (sjølv om eg har sagt hade til veldig, veldig mange etter kvart).

Ei av dei eg rakk å seie hade til var Pudding, som reiste på utveksling til USA. Dette vart kombinert med eit sjukebesøk til til stakkars Espen saman med Jonas og Tarjei. Vi kjøpte sjølvsagt gåve til stakkaren: kven vert vel ikkje glad for ein pakke ekte, dansk First Price-rugbrød?

Ekte, dansk rugbrød, Foto: Sten Porse, CC BY-SA


For å bøte på det litt dårlege samvitet ein får av å reise på besøk til nokon midt på natta for å overrekkje dei ein pakke rugbrød, bestemte vi oss for å starte det store First Price-is-prosjektet, som gjekk som fylgjer:

  1. Vi kjøte ein tipakning med frys-sjølv-is (First Price, så klart!)
  2. Desse skulle leverast i postkassa til Espen i ein konvolutt. Ein kvar dag fram til skulestart.

Sidan Tarjei er den einaste av oss som bur nokonlunde nær fyren, enda det opp med at han tok leveringa. Mitt symbolske bidrag vart difor konvoluttproduksjon:

Konvoluttar til Espen


Konvoluttane kunne ikkje overleverast personleg av praktiske årsakar, og vart difor deponert på ein «lur stad», noko som viste seg å vere genialt, fordi nokon var der og rydda og kasta konvoluttpakken. Som førte til at Tarjei sendte meg ein melding, og Hege fann telefonen min. Booyeah!

Så viste det seg i etterkant at fam. Refsdal Thiem ikkje hentar posten så ofte som vi meiner dei burde, så det er framleis rikeleg med is til overs…