Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Ein fagleg oppdatering

Sjølv om det ikkje kjennest slik ut endå, er UWC skule, noko som vil bli veldig klart frå og med måndag førstkommande klokka åtte. Etter CAS Fair, plasseringstestar og litt tenking har eg no funne ut kva eg skal gjere på framover.

Fag

Vi skal ta totalt seks fag, der tre skal vere avanserte og tre skal vere på «standardnivå». Eg har landa på at eg prøver meg på fylgjande:

  • Engelsk på morsmålsnivå, avansert
  • Psykologi, avansert
  • Økonomi, avansert
  • Matematikk, standard
  • Fysikk, standard
  • Norsk på morsmålsnivå, sjølvstudium, standard

Ikkje noko tull, med andre ord. Men vi ser korleis det går.

CAS-ar

Ein annan fin ting med UWC er at ein vel «fritidsaktivitetar» innanfor områda kreativitet, sport og samfunnsteneste. Her har eg valgt:

  • Kreativitet: Model United Nations – liksom-FN, der alle er kvart sitt land og vi diskuterer ulike ting. Og så lagar vi ein stor tulle-FN-konferanse litt utpå nyåret!
  • Sport: Sjonglering med eldkuler – korleis går det an å motstå litt ekstra fyr og flamme i livet?
  • Samfunnsteneste: Klovne-CAS-en – i botn og grunn sjukehusklovnar, men i ein barnehage. Ein fin, samfunnsnyttig, lærerik og … fin CAS.