Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

CAS-work og anna work

Og etter knappe to veker i redusert tilstand er eg endeleg på føtene, og attende i normal verksemd. Noko som føles ubegripeleg, fantastisk godt. Verda har visst ikkje stått stille utan meg likevel, ser det ut som. Og det betyr at eg har knappe to veker med cathing up som må ekspederast. Og det er veldig lite kult, i grunnen.

MUN i full sving

CAS-ane er òg plutseleg i full utfalding, og ettermiddagen og kvelden gjekk med til første møte i vårt lille leike-FN, som var rett så triveleg, nett som eg rekna med det ville vere, og på vegne av den veldig suverene nasjonen Israel har eg slått rett så harde slag for å bombe livskiten ut av Syria. Det viste seg at mine manipulative evner åpenbart ikkje har frose vekk i løpet av sommarferien, og alt er gøtt på den fronten.

Musala-kjellaren

Og så, etter ein kort coffee bar det rett til mitt første møte i klovne-CAS-en, der eg fekk vite at vi skal ha klovneshow for heile skulen på onsdag. Vi heldt på til innsjekk klokka elleve, og då byrja leksene for dei siste par vekene. Det tidlegaste eg har lagt meg den siste halve veka er eitt, og det seier nok. Så intet latmannsliv, om nokon var bekymra for det.