Sjølvgjort er velgjort
Beklagar, kjære lesarar, men i dag føler eg for å dedikere eit innlegg til meg, eg og meg sjølv (tidvis kollektivt referert til som «vi» og «oss»)
Vi (og oss og forsåvidt alle andre) har hatt meir enn moderate problem med det trådlause nettverket her på Sundstad. Det har i praksis betydd at det har vore fullstendig lolcats-abstines i nær to veker. Og det kan me jo ikkje ha noko av.
Så vi gjekk til Emil Spago, vår meget dyktige, kapable, Ubuntuelskande og oppegåande IT-fyr, og spurte han om vi kunne få ein ruter. Han sa:
Så artig at du skulle spørje om det! Eg fekk nemleg nett ein sekk med ruterar frå Noreg – du må gjerne ta ein.

Vi henta eit gammalt spegelbilete frå Crashplan same natt, og lasta ned 100 gb mellom klokka 3.00 og 6.00. Å, good grief, what a lovely feeling!