Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Sheiß zu Tun

Klokare hovud enn meg (kan det sensast sarkasme her?) har funne ut at det er ein god idè å sende oss på skulen i tre dagar mellom Project Week og Baj ram, samt å finne opp alskens merkelege tidsfristar og anna tull som eigentleg ikkje eksisterer (eller burde eksistert). Dagens problem er vår kjære psykologilærar, som har tenkt ut at i dag var ein god dag å finne på at me skal ha prøve i morgon, samt å hive på eit kapittel me aldi har sett før. Og ein labrapport om eit fysikkforsøk gjennomført for det som føles som mange herrens år sidan skal leverast. Og … meir enn nok anna.

yesterday afternoon vart tilbragt på rommet med Mr Bosch, min tyske ven, meg sjølv, to psykologibøk og eit tørt, gammalt brød. Ein tullar ikkje med IB-livet…