Ting i Zagreb

Denne delen av Zagreb gav ein del Bergensassosiasjonar. Først «fløybane» opp, og så lettskya utsikt over i alle fall ein liten del av byen.
Bajramturen vår til Zagreb var som kjent ein suksess. Her er nokre av høgdepunkta:
Parken
Zagreb har ein aldeles fantastisk park. Den minnar på mange måtar om dei ein finn i og rundt London, med slott, scener, tre, ender, og andre fine ting plassert litt hulter til bulter rundt om kring.
The Contemporary Arts Museum of Zagreb

Ymse kjøkkeninnredning saman med firkanta metallrøyr. Det blir ikkje stort mer contemporary enn det.
Som dei sofistikerte UWC-menneska vi trass alt er, ville det vore for gale å ikkje stikke innom The Contemporary Arts Museum of Zagreb, med ein haug merkelege konstruksjonar og, ikkje mist: ei sklie!

Kall meg gjerne dum, primitiv og smaklaus, men dette rommet seier meg ikkje så veldig mykje. Contempfaktoren her omkring er som de ser heller høg.
The Museum of Broken Relationships
Vi vitja òg The Museum of Broken Relationships, ein spanande stad som i utgangspunktet var ein vandreutstilling av gjenstandar som symboliserte partnarskap som forliste av ulike årsakar, frå eit strykehjarn frå Stavanger, brukt til å stryke brudlaupskjolen, til eit sett falske bryst som ein bedre halvdel hadde kjøpt inn for å forbetre the existing goods. Det kan høyrast litt «smalt» ut, men staden var både thought-provoking og artig på same tid.
Funk hostel
Om du nokon gong reiser til Zagreb, kan Funk Hostel anbefalst. Plassen har «den beste atmosfæra i Zagreb», i fylgje Tripadvisor, noko eg ikkje tvilar på. Hostellet ordnar alt du måtte finne på å spørje om, har gratis frokost, makaroni og eit velutstyrt kjøkken, romma er slett ikkje verst, nettet er kjapt og «atmosfæra» er rett så ålreit.
Fun fact! Tele2 er enorme i Kroatia, og det er nær uråd å snu hovudet utan å sjå ein Tele2-pakat eller -sjappe.
Fôr
Vi har konsumert endelause mengder god mat og drikke dei siste par dagane:

Det er verkeleg sesongen for hot chocolate no for tida. Tempen går mot femten grader. Uff, så kaldt.








