The Feast
Vi er halvvegs i kulturveka, og det har gÄtt fantastisk sÄ langt! Halve skulen har for vane Ä dukke opp pÄ eventsa vÄre, som har vore dritgode. FÞlket seier det har vore den beste kulturveka nokon gong, vi har det megakjekt og alt er berre velstand.
I dag har me fÞrebudd feasten, kanskje den viktigaste delen av ei kulturveke, som i grunnen bestÄr av eit digert matkalas og litt unerhaldning og slikt. SÄ vi reiste frÄ skulen til Sundstad ved lunsj, handla, og laga alt av mat saman med kantinefÞlket. Det er thanksgiving i dag, sÄ det amerikanske stod naturleg nok i sentrum, men me bidrog likevel med vÄrt, i form av kjÞttbollar, eplekake og tilslÞrte bondepiker. PÄ trass av min matlagingsfobie gjekk det rett sÄ greitt, og det var mat pÄ oss til slutt.
Feasten var fantastisk! Vi laga fÞlgjande video frÄ kulturveka, som vart sÊrs godt motteken:
Vi skulle og presentere fedrelandet, noko som vart gjort gjennom fylgjande multimediamateriale:
Det har vore ein sÊrs flott kveld, og vi er berre halvvegs i veka. Wii!

