Møt min nye mobil
Eg har importert eit nytt vidunder frå Kina. Saken vist nedanfor kosta 30-ish dollar, inkludert frakt, toll og anna, og er rimeleg spesiell.
Det første som slo meg var boksen. Lyseblå med kvit tekst: Cellular device. Og det var alt. Ingen produsent, ingen fancy bilete, nema nichta. Lit som Apple, i grunnen. Så opna eg boksen og såg bruksanvisningen. Ein knøttliten sak med endå mindre skrift. Latterleg, latterleg, engelsk. Og heile greia var trykt på matpapir. Ingen eplefaktor der, nei.
Telefonen i seg sjølv, såg overraskande menneskleg ut. Men visse ting appellerer særs med han, og fortener heiderleg omtale:

Trekk ut den innebygde antenna (tihi…), trykk på den blå TV-knappen (lol) og vips så har du ein fullt fungerande TV!
Det er nok av andre nemneverdige ting ved dingsen:
- Oppstartslyden er fortreffeleg!
- Du kan bruke to SIM-kort i han samtidig (woop, woop) – det er derfor han har to ringeknappar.
- Og så kom det med to batteri, dah, og det òg var i grunnen veldig søtt av dei…

