Byrjinga på slutten
Det er ikkje lenge att no. Terminkarakterane er sette, og mesteparten av alt skulerelatert har stoppa opp (all ære til min kjære fysikklærar for å køyre på med prøvar til siste time, for all del). I dag vart fem blokker avlyst, og den einaste vi hadde, psykologi, byrja då Merima dukka opp, 20 minutt for seint (som ikkje gjorde oss for mykje), repeterte leksa over Winter Break endå ein gong, spelte av ein eller annan metalsang som minna ho om hjarnen, og sende oss heim att. Så eg har hatt psykologi, klipt håret, organisert litt ting her og der, og ellers gjort høvesvis lite rapporteringsverdig.
I morgon har vi fått dagen fri til «refleksjon» (som truleg primært kjem til å vedrøre antrekk og slikt til Winter Gala), så er det fysikkprøve frå klokka åtte på onsdag (takk for den!), fri resten av onsdagen, og så blir det å dumpe innom på torsdag for å sjå film i ein time i engelsken og ete lønsj, og så skulle det vel meir eller mindre vere duka for ein månadslang vinterferie. Og det treng me no.