Languages AI
UWC in Mostar har eit rikt repertoar av CAS-ar, «fritidsprogram» som kjem «på kjøpet» med ein IB-utdanning, bokstavleg talt frå flyktingleiren til magedans. No har eg besøkt Languages ab initio, eller «språk frå byrjinga av» på morsmålet. Her køyrer dei lynkurs i alt vi har å ta av av språkleg mangfald her i Mostar, frå Brasiliansk til Færøysk. I dag var det tid for teiknspråk.
Me lærte teiknspråk, nærare bestemt ei ASL-dialekt, av Spencer, ein amerikansk andreåring som har vakse opp med ein døv bror. I løpet av ein halvtime hadde me gått gjennom heile døvealfabetet, og det var ikkje på langt nær så vanskeleg som ein skulle tru. Så ta deg ein tur på YouTube og søk rundt litt, så lærer du det fort!
