Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Xylofon, fele, piano og anna

Mostar har eit flott konsertlokale og kultursenter kalt Kosaca, der me mellom anna har skuleavslutningane våre. Her køyrer dei til tider gratis skodespel og konsertar av alskens slag (sist eg var der, hadde dei sett opp eit julespel av det særare slaget, med masse masse mel overalt), og i dag var det klassisk musikk som stod på tapetet.

Konsertbrosjyra

Konsertbrosjyra

Konserten var flott, og hadde til og med ein solist som spelte på ein gigantisk xylofon (då må det jo bli bra!), og eg tok opp heile greia, for alle som tilfeldigvis ikkje skulle befinne seg i Mostar omtrent på denne tida (spesielt min kjære feleelskande bestefar), så om du føler for litt klassisk berikelse, kan du lytte her.

Musikantar

Musikantar

.