STD Oddfjord – eit lite stykke norsk kulturimperialisme
I haust laga Bergens Tidene, i samarbeid med PistolShrimps med fleire, kortfilmserien STD: Oddfjord, som følgjer NYPD-politimannen Dave, som får nok av storbylivet, og slår til på eit jobbtilbod i den vesle bygda Oddfjord, som viste seg å vere meir spanande enn forventa. Den heller sinnsvakt gale serien nemner alt frå Monstermaster til litt kritikk av opphausingen av konseptet «piratkopiering» til kor lett det er å få skrive ut reseptbelagt medisin, på ein god balnding av engelsk og bergensk med teksting.
Serien vart teken opp i gale Dale (haha, rim, wee!), og er, på trass av sinnsvakheita, rimeleg artig. Han inngår i vårt kulturimperialistiske reportoar, og har vorte vist for mangt eit menneske her på bruket, og spesielt amerikanarane ler seg langflate av han. STD: Oddfjord er på Facebook, og alle episodane finn du på BT si Oddfjordside.