Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Skihelg i Jahorina

Heile helga har 30 av oss hatt gleda av å besøke skianlegget i Jahorina, eitt av dei største anlegga i Bosnia-Herzegovina, som ligg nokonlunde søraust for Sarajevo. Anlegget vart i praksis bygd for kvinnedelen av vinter-OL i 1984, og har sidan hatt ein voldam turistvekst, som førte til ein endå større utvikling av området.

Dei eldste skiheisane i Jahorina (Public domain)

Dei eldste skiheisane i Jahorina – fantastiske gjenstandar! (Public domain)

Me reiste frå Mostar i fem-sekstida laurdag, og alt i titida var me klare til innsats. Anlegget var tipp-topp moderne, med alt hjartet måtte begjære, inkludert stolheisar (noko eg faktisk aldri har prøvd før). Det må nemnast at dei lokale står på ski som dei køyrer bil, og at dette er både lite vakkert og lite trygt, men så lenge ein har hjelm, går det meste bra. Det var relativt tåkete laurdag, men søndag var det skyfri himmel og så norsk vinteridyll som ein kan tenkje seg å få i Bosnia-Herzegovina.

Brite og spanjol klare for ski - begge for første gong

Brite og spanjol klare for ski – begge for første gong

Naturleg nok hadde langt frå alle vore ute ei vinternatt før: eg veit ikkje om entusiasmen over å kunne boltre seg i snø eller klesstilen deira var flottast. Heldigvis vart me bra passa på av vår myndige austerriske fransklærar, som, i tillegg til å vere ei rett så kapabel kvinne, er rimeleg vand med vinter, ski og andre fine men kalde ting.

Vent! Kva i alle dagar er det der?

Vent! Kva i alle dagar er det der?

Å, nemmleg! Det er berre ein brite på slalåm i dinosaurpysjamas...

Ein brite på slalåm i dinosaurpysjamas, så klart!

Alt i alt to flotte dagar med mange flotte menneske – og ein dinosaur…

PS: Dette var òg første gong eg var i Republika Srpska, den andre delen av BiH. Delinag i to entitetar er ein av særeigenheitane ved BiH, som du godt kan lese mykje meir om, t.d. på Wikipedia.