Kjærleik i lufta
Det er valentinsdag, og kjærleiken på UWC Mostar blomstrar. MoPS («Mostar Organized Peer Support») har ansvar for å organisere fellesaktivitetar, og eit stort apparat har vore i sving for å sikre ein verdig valentinsdagfeiring.

Det ferdige valentinskortsystemet er hengt opp på veggen, saman med Margherita, som gjer seg klar for å spreie litt kjærleik.
Brorparten av gårsdagens kveld gjekk med til å klippe opp enorme megder hjarte av alle storleikar, og til å utforme «valentinskortsystemet» over, der alle har høve til å ta eit hjarteforma kort og skrive eit par velvalgte ord til nokon eller noko. Alt to timar etter korta var på plass var imidlertid samtlege hjarte oppbrukt, og eg måtte då ta drastiske grep. Den resterande kjærleiken vart formulert på noko ukonvensjonelle, men veldig effektive «rektangelhjarte».
Det er ikkje uvanleg å ikkje legge merke til ting som slår ein som ganske openbare. For eksempel hadde verken eg eller nokon andre lagt merke til dette gigantiske steinhjartet som var bygd opp på baksida av skulen. Var det tilfeldig at me oppdaga det på valentinsdagen?
I tillegg til kort hadde me to andre aktivitetar: «speeddating», der folk har høve til å ha meir eller mindre romantiske samtalar i løpet av eit kort tidsrom, og «hemmeleg valentinvenn», der alle fekk ein «valentine» som dei skulle vere spesielt snille med i løpet av dagen.
No har me nett gått gjennom vår del av den enorme haugen med valentinskort, og villeg delt ut til rette vedkommande. Og alt i alt var alle einige i at det var ein veldig fin og produktiv dag. Sjølv har eg ikkje gjort stort anna enn eit halvtimeslangt CAS-møte, ein engelsktime, kaffi med Sejla, lunsj og middag og litt arbeid med eit sideprosjekt. Og så fysikk, då. Det er alltid nok å gjere i fysikk…




