Status
For tida føregår det små, men mange ting her på bruket:
Mostar
- Eg kom nett attende frå ein halvtime i bagasjerommet på ein Røde Kors-varebil. Vi frakta mat frå Musala til eitt av suppekjøkkena her.
- Den politiske situasjonen har vore deprimerande i lengre tid, og eg kjem til å skrive ein lengre post om det snart.
- Planlegginga til Street Arts Festival har byrja, og ein del tid går med til det.
- Vi jobbar med eitt større prosjekt som vert ferdig over helga (på «monday…» for å vere nøyaktig).
Fysikk
- Eg er litt nervevrak for tida, og det skuldast eine ogåleine fysikk. Tullefag.
- Fysikklæraren vår finn likevel tid til ting som å ta to desilitermål, fylle dei med litt vatn og dekkje øyrene med dei, for så å lage apelydar og le rått. Så vil han ha oss til å gjere det same.
Livet
- Rolf, Nora sin stroebror og min tredjeåring er på besøk, og det er veldig triveleg, på trass av at han er austlending.
- Ellers nyt eg livet på alle plan så godt som eg kan.
Så slik har vi det her. Meir seinare.
Og, forresten: lukke til til alle potensielle nulteåringar som skal på intervju neste veke! Det skal gå så bra, så:-).
