BIMUN 2013: It’s a Wrap!
Du verden kor fort dei fire dagane flaug! Resolutionen til Folkerepubliken Kina vart dytta gjennom med 19 stemmer for og ein absitenerande (trommevrivel… Nord-Korea!), og forhandlingane var minst like skitne som i røynda – nett slik vi likar det. Hektisk, men meget, meget morro. Forkjøla vart vi, og stemma rauk halvvegs uti forhandlingane, men var det vert det? Sjølvsagt. Her er nokre bilete av utvalde høgdepunkt, augneblinkar og lokasjonar:
«Nasjonalkveld»
«ECOSOC»

Sidan eg heilt gløymte å ta bilete frå Diasporadepartementet, der vi hadde møta våre, får vi gå med det nest beste: bilete frå ECOSOC-gruppa sin sal.
Lunsj

Vi åt lønsj i nasjonalforsamlingsbygningen kvar dag. Her får representantane kjøpt Cola til 12 dinar eller like under ei norsk krone per glas, og eit varmt, men nøkternt måltid til det dobbelte av prisen. Interessant nok er kake til dessert obligatorisk, og vi vart servert doble stykke (som i grunnen var rimleg gigantiske i utgangspunktet) til kvart einaste måltid. Steikje…
Diplomatballet

Det var ymse aktivitetat på kveld- og nattestid kvar einaste natt. Her frå innganspartiet til diplomatballet.

Eg hadde ein vag magefølelse på at vi var i nærleiken av ambassadestrøket, og at den norske kunne vere rimeleg nær, og følte at dette var noko som måtte sjekkast ut. Overraskande nok, opp ei gate og rundt ein sving, fem minutt seinare, fekk eg napp.






