MUNiMations
Og MUNiM er over for denne gong! Resolusjonen vår passerte, med konkrete prosentkutt og greier, sjølv om mange vil hevde at 8% kutt for utviklingsland og 20% for industriland er for lite for seint. Eg vann forresten pris for beste talar i Klimapanelet, og det seier vi oss godt nøgde med!

I dag hadde vi generalforsamling, der vi stemte over resolusjonane som hadde passert i dei ulike kammera. Her er folkerepublikken Kina benka inn på første rad (den tomme plassen er min), med Tyskland, Noreg og andre i bakgrunnen.

Våre kjære sekretariatsleiarar. Vi nytta kommunestyresalen til Mostar, som er så ny at han endå ikkje har vorte nytta av representantane sjølve!
Global Vision
Ein av UWC sine mange tradisjonar er eit plagiat av Eurovision der deltakarar frå alle land får representere alle land – ekte eller fiktive, og så er det stemming, opplesing av stemmer, venting og alle ting ein er vande med frå TV-varianten.

