Kongedagen!
UWC-bevegelsen strekkjer seg langt og breitt, og det er eit stort mangfald blant UWC-elevane. Blant dei tidlegare elevane er Willem-Alexander, kronprins og i løpet av dagen konge av Nederland (om alt går etter planen), då dronning Beatrix gjer seg klar for å abdisere. Han gjekk ut frå Atlantic College i 1985, og kjem attende til skulen årleg, ifylgje kjenningar ved AC.
Den nederlandske kongefamilien er godt likt, og gatene er etter sigande rimeleg oransje for anledninga. Her på bruket går denslags sjølvsagt ikkje gått upakta hen, og nederlendarane og andre er kledde opp i orange og sære hattar for anledninga. Og vi ser sjølvsagt kroninga direkte i Abrasevic!
