Av dette kan vi lære…
Min indre moralist tillét seg å synse litt rundt kva som kan gjerast anleis neste gong Norwegian tullar med det tekniske, slik at ein unngår å sitte ute i parken ei natt og å gå glipp av bussen sin dagen etter.
Bør eg hive meg på ein taxi neste gong? Ringje frå Noreg for å ordne ein «kanskje-reservasjon» i tilfelle slike ting skjer? Eg tykkjer eigentleg ikkje det. Om eg kunne ha låst inn bagasjen hadde eg nok teke seks velfortente timar på horisontalen i stadan, men det var det altså ikkje (dei stengde 22.30, då bussen min skulle gått).
Leve mobiliteten
Eg føler meg heldig for tida. Det er utruleg greitt å kunne «ordne opp» (eller velje å ta ting som det kjem) undervegs utan å måtte ta hensyn til så veldig mange andre enn meg sjølv. Eg føler meg rett og slett meir mobil og fleksibel enn nokon gong.
Når det er sagt, hadde eg nok tenkt meg om både to og tre gonger før eg hadde funne på noko liknande i ein by som ikkje er så trygg som Dubrovnik…