Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Ei natt i parken

Klokka er eitt, og det er ingen rom i sikte. Men gjer det eigentleg noko? Eg tenkte jo eigentleg å stå opp klokka seks uansett, og det er jo berre fem timar til. Om ein snur situasjonen, er dette ein unik sjanse til å oppleve nattlivet i ein stor turistby på nært hald, få teke knekken på litt tvangslesing og kanskje til og med få knipse litt vakre soloppgangar. Slik blir det — eg går for å døgne i parken.

Midt i blinken

Eg set meg til på ein benk, brukar kofferten som kvilepute for beina og har det eigentleg kjempekoseleg med boka mi. Eg sit midt i ein leikepark, og ungdom i sin beste alder kjem innom for å prøve treningsapparat litt her og der, elles er det ganske stille. Parken ligg rett ved gjestehamna, der det for tida ligg tre flotte skip med australiarar ombord. Desse og eit par andre folk spaserer frå tid til annan innom parken, og vi pratar litt om laust og fast.

Ein annan reisande legg seg til for å sove på nabobenken. Etter kvart blir det rimeleg stille, bortsett frå ei politipatrulje som spaserer innom og avleverer eit nikk og eit lite smil til ein ung bokorm ein gong i timen.

Felles for alle eg møter er at dei er flotte og trivelege menneske. I etterkant var det veldig Ã¥lreit Ã¥ ha prøvd ei natt «ute», og ho gjekk mykje fortare enn eg hadde trudd. I femtida fÃ¥r eg til og med lyst til Ã¥ prøve treningsapparata i parken, og gymmar ein halvtime til lyden av bølgjeskvulp og det eg har av musikk pÃ¥ telefonen. Alt i alt ei flott natt.