Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Med marginane mot seg

Det er tid for eit nytt og spanande år i Mostar, og turen ned skiv seg inn som eit nytt og endå mindre flatterande kapittel i reisekrønika mi. Planen er veldig enkel: ta båten til Bergen (07.35), seie hei til tante, onkel og Erik (11.50), hoppe på flyet til Dubrovnik (16.55), ete litt god mat der og ta bussen til Mostar (22.30).

Første halvpart gjekk over all forventning. Eg fÃ¥r til og med sjekka inn før Norwegian si kritiske 45-minuttsgrense. Eg flyr gjennom koffertveginga (her synk pulsen betrakteleg), sikkerheitskontrollen (bortsett frÃ¥ at eg ikkje finn billetten min før ei vakt opplyser om at eg held han i handa), Tax Free og passkontrollen. Det boardast, og vi spaserer om bord. Eg rekk Ã¥ veksle eit par ord med to spanande «flynaboar» pÃ¥ sete A og B (dei bur i Capljina, der leiren som vi beøkjer kvar helg ligg) før ting byrjar Ã¥ skjere seg.

Det er ingen problem her altså, vi må berre kutte straumen
Desse Norwegianpilotane veit Ã¥ roe folk ned…

Når retningsvilla rår

Først skal dei visst berre kutte straumen litt. Det er både normalt og sundt, og i alle fall ikkje farleg. Etter eit par minutt i mørket kjem oppfylgjingsbeskjeden vi alle ysnkte oss: — Det er noko gale med navigasjonssystemet. Eg skulle gjerne ha floge dykk, men det er dessverre ikkje forsvarleg, annonserer piloten.

Vi fÃ¥r beskjed om Ã¥ «unboarde», som det heiter pÃ¥ fagsproget, og komme attende klokka seks. Kanskje dei fÃ¥r til noko. Det er ikkje verdas kjekkaste beskjed Ã¥ fÃ¥, men om dette er alternativet fÃ¥r det heller vere greitt.

Klokka halv sju lettar vi heldigvis. Litt svolten, veldig tørst og kanskje i grenseland til litt gretten, men det står vi i. Vi landar jo i Dubrovnik, i alle fall. Klokka halv ti.

Dominoeffekten

Det Ã¥ bli forsinka medfører diverre ein del ulemper. At flyplassen er halvstengt, nokko som fører til at passkontrollen og bagasjeutleveringen gÃ¥r med sneglefart mens ledige politifolk jagar kvarandre og kastar nøkkelfrisbee, er ein av dei. Det fører til at vi kjem med ein seinare shuttlebuss. Som igjen fører til at vi kjem 15 minutt for seint til Motarbussen…