Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Sengetørke i hotellmekka

Klokka er 23.00, og det er klart at eg ikkje kjem meg av flekken (med mindre eg tek ein svindyr flyplassdrosje heilt til Mostar). Basisbehova først: eg treng mat, drikke og, ikkje minst: ei saks. På flyplassen oppdaga eg nemleg at ekstra-SIM-kortet mitt er for stort for telefonen. Det er framleis eit par kioskar som er opne, men berre så vidt. Eg får kjøpt meg ein halvliter Cola og eit nytt SIM-kort (i Kroatia er det forresten svenske Tele2 som gjeld!). Colaen vert styrta på staden, og SIM-kortet kjem i orden med ein gong eg forstår den kroatiske bruksanvisinga.

— Det norske badekaret

Kroatia er ein enormt populær turistdestinasjon, spesielt for nordmenn. Det er difor det går daglege fly hit frå både Bergen og Oslo, og det er difor den einaste norsken mi Italiensk-Franske veninne kan er setningen: «Kroatia er Norges badekar» (for ordens skuld: det var ho som ville lære den, ikkje motsett). Dubrovnik er nesten ein Kroatiakarikatur — eg trur ikkje det finst byar med fleire gjesterom per innbyggjar i Europa enn denne. Mange lokale flyttar til og med innover i landet i turistsesongen, for å kunne leige ut huset til turistar. Her er det imidlertid stinn brakke same kvar eg går.

Eg treng ei seng til klokka seks i morgon – sju knappe timar (som blir fem før eg er ferdig med leitinga mi). Den telefoniske mission support-en min finn heller ikkje noko. Så kva gjer ein då?