Heime att
Etter ei heller turbulent reise er eg på plass i Mostar. Det er utruleg, fantastisk koseleg å sjå alle dei 74 fantastisk flotte samåringane mine att etter ein lang sommarferie, og å ha litt tid saman til å ta det heilt med ro og gjere nett kva vi vil. Dagane går med til innsjekk, henging på ymse kaféar, utforsking av nye og uoppdaga symjebasseng, planlegging av faddervekene (førsteåringane kjem i morgon!) og alle andre ting vi har lengta etter å gjere i tre månedar.

