Censusship
Den beste delen av skjemaet? Den som ber deg fylle ut strekkoden din.Folket skal teljast her i BiH, og slikt tek ein ikkje lett på. Førre gong det skjedde var i 1991, då landet framleis var del av Jugoslavia (høgkommisæren for flyktningar gjennomførte rett nok ein uoffisiell teljing i 1996, men den er ikkje annerkjend). Etter det har ein gjennomført rimleg kontroversielle estimat med jamne mellomrom. Eg prøvde å lese om «the importance of census», men den lenka fungerte diverre ikkje. Om ikkje anna veit eg at resultata vil bli nytta som politisk kjøttvekt i den evige kjeklinga mellom dei tre etnisitetene. Alltid godt å vite at ein bidreg til ei god sak.
Skjemaet inneheld ein heil del spørsmål som truleg er spanande nok på originalspråket, og hundre gonger betre på engelsk. Det kan nytast i all si prakt på heimesida til folketeljinga (PDF, engelsk på s. 20).
PS! Noreg hadde det som truleg var si siste manuelle folketeljing i 2001, og driv no kun registerbasert (altså automatisk) teljing. Gamle data er tilgjengleggjort hjå UiT til glede for slektsforskarar og andre interesserte.