Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Ein revolusjon

Her på bruket roterer oss fire som deler bad på å «vaske det» (det vert reingjort annankvar dag av profesjonelle, for sikkerheits skuld). I dag har eg vaska for første gong. Og det var ei sann glede!

For heromkring vaskast det ikkje med klutar, moppar og «primitive Norwegian shit», som Toni kalte det. Neida, her nede i meir kontinentale strøk er kun det beste godt nok.

Den fantastiske Mostarmoppen

Så, korleis fungerer Mostarmoppen?

  • Du dyttar han framfor deg
  • Han har ein svamp under seg, som samlar opp alt av drit
  • Du dreg i ein spak over badekaret, og all driten renn ut

Eit sinnsvakt genialt patent. Lurer nokon der heime på kva samtlege får til jol?