Storfolk på besøk
På veg heim frå skulen i går, traff eg på ei rekke med fem SUV-ar med diplomatskilt, parkert pent og pynteleg framfor Hotel Bristol, vakta av to livvaktar. Den amerikanske ambassaden følte åpenbart for å tilgodesjå Mostar med sitt nærvær.
Dagen derpå vart det klart kvifor fintfolket hadde slite seg ut på ein tretimers biltur frå festningen sin i Sarajevo. Dei skulle utforske frivillegheitsrørsla. Alle lokale organisasjonar som får pengar frå ambassaden vart derfor tvungne til å stille opp i bodar for å dele ut brosjyrer til dei som måtte ha lyst på det (spoiler: eg såg ikkje at ei einaste brosjyre vart delt ut den dagen).
Amerikanarane hadde leigd inn eit rockeband og ein gjeng dansarar, sett opp digre pyntekostruksjonar og til og med trykt opp vifter med amerikanske og lokale flagg på. Representanten for ambassaden kom køyrande i ei bilkortesje, gjekk på talarstolen, heldt ein tale (på lokalt, men med ein så flaut sterk amerikansk aksent at det var tragisk å høyre på), fekk ein livvakt til å springe opp til han med ein paraply fordi det byrja å regne og sprang rett i bilen attende til Sarajevo. Dei frivillege i bodene pakka saman, og følte truleg at dei hadde kasta vekk dagen – om enn på eit naudsynt onde.
Når ein snakkar om kor ineffektiv bistand er, er det kanskje rettferdig å ta med i kva grad gjevarlanda bidreg til nettop det?

Politimann med vifte.






