Vrapcicimarknaden
Det er utruleg fascinerande kor mykje UWC-livet endrar seg frÃ¥ Ã¥r til Ã¥r. Ein ting er Ã¥ gÃ¥ frÃ¥ Ã¥ vere førsteÃ¥ring til Ã¥ bli andreÃ¥ring, men endringane i «skulesjela» er nesten like store. UWC Mostar er summen av menneska som er her, og nÃ¥r ein endrar folka endrar UWCM seg — naturleg nok.
Ein av dei store tinga i Ã¥r er marknaden i Vrapcici &emdash; som eg ikkje eingong hadde høyrt om i fjor. I Ã¥r reiser folk dit kar helg, og ingen er meir ivrige Vrapcici-arar enn Zaheed, ein brite med Pakistanske foreldre som har funne seg utruleg godt til rette der. Han har vorte «adoptert» av marknadsfolka, og alt etter ein mÃ¥nad visste alle i Vrapcici kven Zaheed var &endash; og hadde truleg invitert han pÃ¥ middag minst ein gong.
På Vrapcici har dei alt: billeg Cevapi i ein restaurant med dokkestolar, ein butikk med korkopnarar, eit utal boder med falske merkevareprodukt eller haugar med klede som dei villeg sel for ein mark (2 kroner) eller 50 fennign om du prutar. Enkelte har òg rett og slett samla saman ein haug med ting som dei sel for nøyaktig det dei måtte føle for i den augneblinken &endash; som regel ikkje spesielt mykje.



