Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Vaflar til følket!

Ihuga vaffelproduksjon på høgt nivå. Foto: Anita Skarpås

Patriotismen har bygd seg opp i det siste, og i dag fekk nasjonalromantikaren i meg endeleg fullverdig utlaup. Anita og eg vedtok å leggje The Susac Residence under den norske kongen sin kontroll (vi gløymte å spørje kongen si utsending om lov då vi møtte ho på mandag, men satsar på at det går greitt), og hang opp mitt rimeleg vaksne norskeflagg på verandaen.

Susac – eller kanskje «Sundstad» frå no av?

Og så laga vi vaflar på kjøkenet til alle saman etterpå. Det var rettsleg så koslegeg (for ikkje å snakke om godt – vi hadde til og med brunost!), og etterpå følte han som tenkte på å ta med vaffeljarn til Mostar at det definitivt var verdt dei ekstra kiloa.