Mustache Competition
Ljubitsa, ein av lærarane, og MoPS sette opp vår første (av mange) konkurransar! Denne gongen handla det om kven som kunne gro det prektigaste skjegget i løpet av ein fjorten dagars tid.
Eg kan ikkje skyte på meg omfattande kompetanse på området, så sjølv gjekk eg for kvantitet over kvalitet. Og det har vorte særeigent godt motteke av overraskande mange (Espen er notert som unntaket som bekreftar reglelen)! Og sjølv ser eg defintivt positive sider med litt skjeggvekst! (Eg har m.a. høyrt at eg har gått frå å likne på Sheldon Cooper til Sid).
Og, det viser seg at konkurranse-meg fekk ein god start. Eg enda nemleg med delt førsteplass i skjeggkonkurransen!
