Up in The Sky
Eller: Alt som kan gå gale på reisa. Del 1. Ikkje for å klage, altså…
Haukåsen
- Kjøpet av tilleggsbagasje er sjølvsagt ikkje registrert hjå Widerøe. Det at ein har fått kvitering (som ein viser fram) hjelp sjølvsagt lite.
- Badevekta var feil, så begge koffertane var overvekt likevel.
- Vakta finn «nåke skommelt» i kofferten min, så dei må sjølvsagt gjennom den. Det var ein av hengelåsane, ikkje vaffeljarnet (eller noko anna).
- Og sjølvsagt blir det rutinekontroll!
… men ein time seinare er eg trough check-in and security. På ein vanleg dag går dette på under fem minutt.
Oslo
Måndag ettermiddag
- Eg rotar meg vekk
- Norwegian har funne på at 20 kg. i kvar koffert er meir enn nok, og at overvekt kostar 69,-. Per kilo. Her blir det ompakking.
Tysdag morgon:
- Eg søv for lenge.
- Eg rekk ikkje å ete frokost .
- Eg rotar meg vekk.
Gardermoen
- Eg er alt forsinka.
- Eg mister den eine kofferten i rulletrappa. Eg spring neover trappa med den andre kofferten, for å få tak i den andre, som berre sklir lengre og lengre ned. Samtidig ramlar den andre oppå meg. Eg ramlar. I rulletrappa. Helvette.
- Tryggingskontrollen går over all forventning (didn’t see that coming, did yah?)
- Eg er svolten, så Anita og eg et pizza. Det er god tid til flyet, så alt er fint. Til fem minutt før boarding, og me finn ut at det er på tide å daffe til gaten.
- Vi må gjennom passkontrol!! Og vanlegvis er det tre folk her, no er det 200. Hormonellt hælvette! Whyy?
Final Call for Sjur Hamre and Anita Slemdal Skarpas for flight WF147 for Dubrovnik.
To be continued…