Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Ting i Zagreb

Denne delen av Zagreb gav ein del Bergensassosiasjonar. Først «fløybane» opp, og så lettskya utsikt over i alle fall ein liten del av byen.


Bajramturen vår til Zagreb var som kjent ein suksess. Her er nokre av høgdepunkta:

Parken

Tre!


Zagreb har ein aldeles fantastisk park. Den minnar på mange måtar om dei ein finn i og rundt London, med slott, scener, tre, ender, og andre fine ting plassert litt hulter til bulter rundt om kring.

Ender!

The Contemporary Arts Museum of Zagreb

Ymse kjøkkeninnredning saman med firkanta metallrøyr. Det blir ikkje stort mer contemporary enn det.


Som dei sofistikerte UWC-menneska vi trass alt er, ville det vore for gale å ikkje stikke innom The Contemporary Arts Museum of Zagreb, med ein haug merkelege konstruksjonar og, ikkje mist: ei sklie!

Sklie er morro!


Kall meg gjerne dum, primitiv og smaklaus, men dette rommet seier meg ikkje så veldig mykje. Contempfaktoren her omkring er som de ser heller høg.

The Museum of Broken Relationships

The Museum of Broken Relationships


Vi vitja òg The Museum of Broken Relationships, ein spanande stad som i utgangspunktet var ein vandreutstilling av gjenstandar som symboliserte partnarskap som forliste av ulike årsakar, frå eit strykehjarn frå Stavanger, brukt til å stryke brudlaupskjolen, til eit sett falske bryst som ein bedre halvdel hadde kjøpt inn for å forbetre the existing goods. Det kan høyrast litt «smalt» ut, men staden var både thought-provoking og artig på same tid.

Øks: nytta til å kappe opp møblane til tidlegar betre halvdel, eitt hogg om dagen.

Funk hostel

The Funky Wall: helsingar frå heile verda

Om du nokon gong reiser til Zagreb, kan Funk Hostel anbefalst. Plassen har «den beste atmosfæra i Zagreb», i fylgje Tripadvisor, noko eg ikkje tvilar på. Hostellet ordnar alt du måtte finne på å spørje om, har gratis frokost, makaroni og eit velutstyrt kjøkken, romma er slett ikkje verst, nettet er kjapt og «atmosfæra» er rett så ålreit.

Alt i alt kunne rommet vårt sett meir rotete ut.

Fun fact! Tele2 er enorme i Kroatia, og det er nær uråd å snu hovudet utan å sjå ein Tele2-pakat eller -sjappe.

Fôr

Det er noko særs spesieltmed pizza som vert bakt midt i rommet, og så steikt i pipa.


Vi har konsumert endelause mengder god mat og drikke dei siste par dagane:

Det er verkeleg sesongen for hot chocolate no for tida. Tempen går mot femten grader. Uff, så kaldt.


Mitt livs første tofustykke! Veggismat er ikkje så vondt og fælt som ein skulle tru…