Den Store Krossferda
I dag stod eg, Sofia, Jasine og Yuval opp klokka sju for å leggje ut på tokt mot den gigantiske krossen som er sett opp på toppen av eit av fjella på den Kroatiske/katolskkristne sida. Krossen er så stor at du kan sjå han uavhengig av kvar du er i Mostar, og det er i grunnen eit ganske så enormt monument.
Interessant nok er det meir eller mindre det einaste religiøse symbolet her. På trass av at mange er meir religiøse enn snittet er i Noreg (som ikkje skal veldig mykje til), ser ein veldig få med t.d. kross rundt halsen, hijab og liknande.
Det viste seg at vêrgudane ikkje delte vårt syn på dette som ein god dag for krossferd, men på trass av dei, kom me oss opp til slutt. Det viste seg å vere ein rimeleg passeleg lang tur, som tok tre timar saman med ein brasilianar, ein brite og ein israelar.



