Community Care
Blant UWC sine mange mål finn me både «omsorg for miljøet» og «omsorg for lokalsamfunnet». På Community Care Days, som me har ein gong i blant, bidreg me til byen som me er er ein stor del av, til dømes gjennom å plukke søppel, som var det me gjorde i går.
Kontaklærargruppa mi (som vanlegvis vert leia av «hisotriealven» Pauline, ei ung, sprek og meget oppegåande kvinne frå Frankarriket) vart sette til å rydde under trappa opp til Sundstad, og der var det mykje drit! Totalt fylte me, på ein time, ikkje mindre enn 23 fulle søppelsekkar! Det er vel ikkje så ille?
For tida har me òg eit par brasislianske klovnar på besøk, som skal lære oss sjonglering og andre kule triks.
Etter lunsj reiste eg og eit par andre internasjonale for å sjå korleis Open dag, der lokale elevar fekk stifte fysisk bekjentskap med UWC, går føre seg. Her vart eg sjanghaia av viserektor Ivana, med beskjed om at eg «gjerne kunne seie eit par velvalgte ord», der «gjerne» er det min tidlegare kontaktlærar refererte til som «frivillig tvang». Så, rundt ein time inni seremonien, som føregjekk på det lokale språket (dvs. Serbisk/Bosnisk/Kroatisk/Montenegransk/…), reiste eg meg og sa tre setningar på engelsk, og alle lo og klappa. Litt rart, men veldig artig.


