BIMUN: Modell-FN-konferanse i Beograd
Ein gong rundt juletider dumpa ein lett overraskande e-post ned i kassa mi: «Hei, kva trur du om å delta på modell-FN i Serbia?». Slikt kan ein sjøvsagt ikkje takke nei til, og totalt fire av oss, Jacob, Amber, Filip og meg sjølv reiste med buss til Beograd tysdag kveld, der eg sov rimeleg bra, då eg hadde fem sete å boltre meg på. Vi kom fram onsdag morgon, og nytta morgonen til å leike turistar, skrive økonomi-IA-ar, opningstalar, litt soving, ymse chilling og andre ting.
Onsdag kveld møtte vi nokre av dei andre delegatane, og reiste ut på middag saman med dei. Veldig trivlege og gjestfrie folk, som òg fortalte masse om Beograd og Serbia. Vi tok likevel ein tidleg kveld, og fekk litt skikkeleg søvn.
I dag har det gått rimeleg kast i kast. Vi hadde opningsseremoni i Palace of Serbia (der vi enda opp med å bli sperra inne av ein haug livvaktar, fordi vi var to minutt for seine og ein pressekonferanse starta i gangen utanfor – så vi fekk sett presidenten på nært hald gjennom skotsikkert glas).

Pressekonferansen har nesten byrja – biletet er teke frå «cocktailområdet», bak glassdørene som vi observerte presidenten gjennom
Så var det lunsj i nasjonalforsamlingen, og sesjon i eitt av departementa deira. Eg representerer Kina i generalforsamlinga, og vi har prata om Iran og ikkje-spreiing. No skal vi snart ut på middag, der vi òg har «nasjonalkveld» der vi skal presentere landa våre, med megaflagg, nasjonalsangar og det som verre er.
Og, forresten: det snør her! Årets vinter føregjekk i vesentleg meir siviliserte former enn fjorårets, og det har ikkje vore mykje av det kvite gullet utanfor Jahorina. Kven hadde trudd at skikkeleg snø først skulle dukke opp i midten av mars, og i Serbia?


