Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

BIMUN 2013: It’s a Wrap!

Du verden kor fort dei fire dagane flaug! Resolutionen til Folkerepubliken Kina vart dytta gjennom med 19 stemmer for og ein absitenerande (trommevrivel… Nord-Korea!), og forhandlingane var minst like skitne som i røynda – nett slik vi likar det. Hektisk, men meget, meget morro. Forkjøla vart vi, og stemma rauk halvvegs uti forhandlingane, men var det vert det? Sjølvsagt. Her er nokre bilete av utvalde høgdepunkt, augneblinkar og lokasjonar:

«Nasjonalkveld»

Frå nasjonalkvelden: serbisk dans

Frå nasjonalkvelden: Serbisk dans

Gjett kven som klare å snike seg inn saman med dei meir offisielle promoaktørane?

Gjett kven som klare å snike seg inn saman med dei meir offisielle promoaktørane?

«ECOSOC»

Sidan eg heilt gløymte å ta bilete frå Diasporadepartementet, der vi hadde møta våre, får vi gå med det nest beste: bilete frå ECOSOC-gruppa sin sal.

Sidan eg heilt gløymte å ta bilete frå Diasporadepartementet, der vi hadde møta våre, får vi gå med det nest beste: bilete frå ECOSOC-gruppa sin sal.

Lunsj

Vi åt lønsj i nasjonalforsamlingsbygningen kvar dag. Her får representantane kjøpt Cola til 12 dinar eller like under ei norsk krone per glas, og eit varmt, men nøkternt måltid til det dobbelte av prisen. Interessant nok er kake til dessert obligatorisk, og vi vart servert doble stykke (som i grunnen var rimleg gigantiske i utgangspunktet) til kvart einaste måltid. Steikje...

Vi åt lønsj i nasjonalforsamlingsbygningen kvar dag. Her får representantane kjøpt Cola til 12 dinar eller like under ei norsk krone per glas, og eit varmt, men nøkternt måltid til det dobbelte av prisen. Interessant nok er kake til dessert obligatorisk, og vi vart servert doble stykke (som i grunnen var rimleg gigantiske i utgangspunktet) til kvart einaste måltid. Steikje…

Diplomatballet

Det var ymse aktivitetat på kveld- og nattestid kvar einaste natt. Her frå innganspartiet til diplomatballet.

Det var ymse aktivitetat på kveld- og nattestid kvar einaste natt. Her frå innganspartiet til diplomatballet.

Frå innsida av ballsalen

Frå innsida av ballsalen

Eg hadde ein vag magefølelse på at vi var i nærleiken av ambassadestrøket, og at den norske kunne vere rimeleg nær, og følte at dette var noko som måtte sjekkast ut. Overraskande nok, opp ei gate og rundt ein sving, fem minutt seinare, fekk eg napp.

Avslutningsseremonien

Avslutningsseremonien fann stad i den nye nasjonalforsamlinga. Her frå lobbyen.

Avslutningsseremonien fann stad i den nye nasjonalforsamlinga. Her frå lobbyen.

Djølve seremonien føregjekk i "stortingssalen" deira

Sjølve seremonien føregjekk i «stortingssalen» deira

Bilde, vente, bilde, bilde, coctail, vente, vente, bilde, vente... Nett som avslutningsseremoniar skal vere.

Bilde, vente, bilde, bilde, coctails, vente, vente, bilde, vente… Nett som avslutningsseremoniar skal vere.

Vårt siste måltid før det bar attende til Mostar. Improvisert Irsk flagg,

Vårt siste måltid før det bar attende til Mostar. Improvisert Irsk flagg,