Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Galskapen herjar – det er siste skuledag!

Idag är inte någon vanlig dag

I dag vakna underteikna rundt femtida av at to staute mannfolk lista seg inn på rommet. Slikt er vanleg nok, og eg valgte å ikkje bry meg vidare med det. Klokka halv sju vakna eg av ein voldsam skriking i gangen, gnidde meg litt i augene, og oppdaga at trynet var fullt av kattesand.

16. april er nemleg ingen vanleg dag. Det er siste skuledag for andreåringane. Og det kjem vi ikkje til å gløyme på ei stund. Den Mostarianske avslutningsfeiringa kan gje sjølv den mest hardbarka raudrussen bakoversveis, noko vi fekk smerteleg erfare klokka halv sju i dag tidleg.

Mateo fekk ein litt vanskeleg start på dagen. Han hadde nemleg fått dørkarmen teipa over med aviser. Og det er ikkje så greitt. Legg merke til koppane på golvet, som sjølvsagt er fylte med vatn! Resten av gangen var fylt med koffertar, for sikkerheits skuld.

Mateo fekk ein litt vanskeleg start på dagen. Han hadde nemleg fått dørkarmen teipa over med aviser. Og det er ikkje så greitt. Legg merke til koppane på golvet, som sjølvsagt er fylte med vatn! Resten av gangen var fylt med koffertar, for sikkerheits skuld.

... men på ein måte er aviser, koppar og koffertar betre enn å få døra sperra av eit garderobeskap som det til slutt tok seks folk å flytte!

… men pÃ¥ ein mÃ¥te er aviser, koppar og koffertar betre enn Ã¥ fÃ¥ døra sperra av eit garderobeskap som det til slutt tok seks folk Ã¥ flytte!

Jochem hadde ein litt vanskeleg start på morgonen...

Jochem hadde òg ein litt vanskeleg start på dagen.

Så var det å prøve å komme seg ned trappa...

SÃ¥ var det Ã¥ prøve Ã¥ komme seg ned trappa…

Så var det på tide å prøve å finne att skoa sine. På balkongen i 2. etasje fekk vi napp - her vart det knyting til langt utpå morgonkvisten...

Neste steg var Ã¥ prøve Ã¥ finne att (og, ikkje minst, fÃ¥ laus) skoa sine. PÃ¥ balkongen i 2. etasje fekk vi napp – her vart det knyting til langt utpÃ¥ morgonkvisten…

Og vi er i gang

Vi er i gang

Leiken har byrja. Sånn i tilfelle nokon ikkje skjønte det på eiga hand.

Morgonen var i grunnen sær nok i seg sjølv: tannkrem og vassglas over alt, dørene pÃ¥ bada i jenteetasjen mangla plutsleg, og straumen hadde «forsvunne» pÃ¥ mystisk vis, pÃ¥ same mÃ¥te som skoa vÃ¥re. Og den veldig kjære PC-en min («spesialbehandling» frÃ¥ ein av andreÃ¥ringane mine, som veit kor mykje det stressar meg Ã¥ mÃ¥tte leve analogt). Ein del av underbevisstheita mi rekna med at alle kleda mine var stolne, sÃ¥ eg var i grunnen positivt overraska pÃ¥ eitt eller anna nivÃ¥ òg, om ikkje anna. Alle vakna opp til følgjande beskjed pÃ¥ e-postlista:

L​ET’S PLAY A GAME!​

  1. Everyone is playing​ (it’s compulsory)​
  2. You play, you lose
  3. Attempts of revenge will be penalized
  4. Complaining won’t work
  5. In this game, the ​only ​winners are second years

Og med desse vise orda i bakhovudet, traska vi alle, lett skremte, til frokost…

Leiken held fram

Ein litt røff dag på jobb for underteikna. Foto: Bo Donners

Ein litt røff dag på jobb for underteikna. Foto: Bo Donners

To minutt pÃ¥ Ã¥tte var 20 stk. lettare dynka individ pÃ¥ plass for økonomi, læraren kom hastande inn som vanleg, og sÃ¥g om lag like misnøgd ut som ho pleier. Ho spøurte «Kvifor har de sand i fjeset, folkens?», før det fort dimra for ho, og ho utbraut eit «Ã…, herre gud, det er den dagen. Ja ja, vatn er ikkje sÃ¥ ille, gitt omstendigheitene (dette kjem frÃ¥ dama som ikkje lar oss sitje i t-skjorte i klasserommet av frykt for at vi skal bli forkjøla). Men kva enn de gjer, ikkje gÃ¥ til Velic – kjenner eg dei rett, kjem de i sÃ¥ fall til Ã¥ bli egga ned…»

Velic

Velic var langt meir siviliert enn det har vore på lenge, i fylgje rykta. Om det hadde med at halve administrasjonen, inkludert viserektor og M, hadde lina opp for å sjå til at liv, helse og større materielle verdiar vart spart eller ikkje kan ein umuleg seie med sikkerheit.

Ein stykk andreåring i sitt rette element.

Ein stykk andreåring i sitt rette element.

Sjølv Victor, skulens rebell med stor "R", gjev opp utan kamp.

Sjølv Victor, skulens rebell med stor «R», gjev opp utan kamp.

Dagen enda med avlyste blokker, ein totimers joggetur saman med ein kinesar for underteikna sitt vedkommande, og PC-en vart returnert til slutt. La oss kalle det ein dag utanom det vanlege, utan at det nødvendigvis må vere noko gale med det. Snarare tvert imot!