Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Kongedagen!

UWC-bevegelsen strekkjer seg langt og breitt, og det er eit stort mangfald blant UWC-elevane. Blant dei tidlegare elevane er Willem-Alexander, kronprins og i løpet av dagen konge av Nederland (om alt går etter planen), då dronning Beatrix  gjer seg klar for å abdisere. Han gjekk ut frå Atlantic College i 1985, og kjem attende til skulen årleg, ifylgje kjenningar ved AC.

Den nederlandske kongefamilien er godt likt, og gatene er etter sigande rimeleg oransje for anledninga. Her på bruket går denslags sjølvsagt ikkje gått upakta hen, og nederlendarane og andre er kledde opp i orange og sære hattar for anledninga. Og vi ser sjølvsagt kroninga direkte i Abrasevic!

Bo og romkameraten byrja feiringa i dag tidleg. Foto: Bo Donners

Bo og romkameraten byrja feiringa i dag tidleg. Foto: Bo Donners