Eksamenstid
Av alle ting ein fryktar med IB, er eksaman utan samanlikning den verste. I lĂžpet av 14 dagar har alle ein stad mellom ti og 20 eksamenar, og i motsetnad til i Noreg er det i all hovudsak eksamenskarakterane som tel heromkring. Tillatne hjelpemiddel er eit gjennomsiktig penal med skrivesaker, punktum. Kalkulator er lov av og til, og, pĂ„ invigilatorane (eksamensinspektĂžrane i IB-systemet) sin nĂ„de, ei flaske vatn i ei gjennomsiktig plastflaske utan merkelappar. Tatoveringar og skribleri pĂ„ armar, bein og andre kroppsdelar vert nĂ„delaust bandasjert vekk. Og sĂ„ er det berre Ă„ setje seg ned for Ă„ skrive eksamenar like lange som heildagseksamenane heime i lĂžpet av mellom ein og to timar. Enda betre: nĂ„r dei er over er det pĂ„ tide Ă„ sei hadebade til alle saman – mange for godt. Huff, for ein fĂŠl mĂ„nad.
