Besøk på barneheimen
Første gong eg besøkte IDP-leiren Tasovcici møtte eg AM, ei jente som ei veke seinare flytta ut av leiren og over på ein katolsk barneheim i pilgrimsbyen Medjugorje, fordi mor hennar ikkje ville ta seg av ho og faren følte seg for gammal. Vi har lurt litt på korleis katolske barneheimar fungerer, og det einaste vi visste om den, at faren berre fekk komme på besøk ein gong i månaden, hjalp ikkje så veldig.
Det var nettop difor det var så flott at barneheimen lot Sarah, Slobodan og meg komme på besøk for å seie hei og å sjekke korleis ting gjekk. Medjugorje ligg ein halv time med buss frå Mostar, så det er meir enn overkommeleg å la eksamenar vere eksamenar og ta ein halvdagstur vestover. Veret var like flott som det har vore dei siste par månadane: 30 komfortable grader og opphaldsver.
I Medjugorje forsvann alle fordommar mot barneheimar eg måtte ha hatt. Vi vart tekne imot av tre spreke, unge damer som openbart tykte smarttelefonar var viktigare enn pingvindress. Barneheimen var organisert i familieeiningar, med sju store og romslege bolighus, alle med soverom til fem ungar og kvar sine to nonner som fungerte som mødre på skift. Og som om det ikkje var nok, låg det ein enorm skog/park med frukthage, ei berg-og-dalbane-liknande løype, dyrehage, kunstige fossar og alt anna barneheimsbarn måtte kunne finne på å behøve. Så slik er openbart barneheimar i Bosnia-Herzegovina organisert – kanskje det norske barnevernet har noko å lære her?






