Bakgrunn
Litt om meg
Eg heiter Sjur og gjekk på UWC Mostar frå 2012 til 2014. Du finn meir om meg på nettsida mi.
Kva er United World Colleges?
UWC vart skipa av den tyske utdanningsguruen Kurt Hahn, etter inspirasjon frå Hahn si tid på NATO Defence College, der han hadde observert diskusjon og samhandling mellom menneske som hadde vore erkefiendar under krigen. Visjonen til Hahn var ein serie skular der elevar vart valde ut på grunnlag av motivasjon og potensiale, uavhengig av sosiale, økonomiske og kulturelle faktorar.
Per i dag finst det 12 UWC-skular over heile verda, i alt frå Singapore og Swaziland til Bosnia-Herzegovina og Nederland. I 2014 vil den 13. skulen opne i Tyskland. Skulane er IB-skular, der elevane får International Bacaleaureate-diplomet etter to år med utdanning. Dette vert annerkjend over heile verda, og i Noreg tilsvarer det fullført vidaregåande. I IB-en har ein seks faggrupper; morsmål, andrespråk, naturfag, samfunnsfag, naturfag og valfag, der ein vel eit fag innanfor kvar gruppe. Ein tek tre av faga på høgare nivå (som tilsvarar om lag fem veketimar), og dei andre tre på standardniva (om lag tre veketimar). Kva fag som er tilgjengelege varier frå skule til skule, men som regel finn ein «standardfag» som fysikk, biologi, psykoligi, økonomi, engelsk og fransk, i tillegg til fag som dans, designteknologi og programmering.
Vel så viktig som fag er CAS-aktivitetane, som i grunnen fritidsaktivitetar sett i system. CAS er ei forkorting for «Creativity, Action and Service», og alle elevar er involverte i minst ein aktivitet innanfor kvar av gruppene. Creativity inneber alt frå måling til fotografering til Modell-FN, Action er alt tenkjeleg innanfor sport og Service er ymse samfunnsteneleg aktivitet, frå samarbeid med Raudekrossen til arbeid i flyktningleirar til brannteneste. CAS-aktivitetane formar ein etter kva ein sjølv brenn for, og UWC vert såleis eit system for å fremje elevane sine sider – og utanfor klasserommet.
Dei aller fleste elevane vert tekne opp av nasjonalkomitéen i sitt land, som òg vedtek korleis opptaket skal fungere i «sitt land». Her i Noreg vert opptaket styrt av UWC Norge i samarbeid med (per 2022) HKDir.
Nyttige lenker
- UWC International, UWC internasjonalt
- UWC Norge, den norske nasjonakomitéen
- UWC in Mostar, den beste skulen
- Bloggen til Anita, min kjære samåring
Meir om Mostar og Bosnia-Herzegovina
- The Balkans: A short history av Mark Mazower
- Gratis nettkurs i kroatisk frå Universitetet i Zagreb m.fl.
- Brandt sin reiseguide til Bosnia-Hercegovina av Tim Clancy
- Bosnia-Hercegovina-landsida til Store Norske Leksikon
- Reiseinformasjon om Bosnia-Hercegovina frå UD