10. desember 2012
Det er ikkje lenge att no. Terminkarakterane er sette, og mesteparten av alt skulerelatert har stoppa opp (all ære til min kjære fysikklærar for å køyre på med prøvar til siste time, for all del). I dag vart fem blokker avlyst, og den einaste vi hadde, psykologi, byrja då Merima dukka opp, 20 minutt for seint (som ikkje gjorde oss for mykje), repeterte leksa over Winter Break endå ein gong, spelte av ein eller annan metalsang som minna ho om hjarnen, og sende oss heim att. Så eg har hatt psykologi, klipt håret, organisert litt ting her og der, og ellers gjort høvesvis lite rapporteringsverdig.
I morgon har vi fått dagen fri til «refleksjon» (som truleg primært kjem til å vedrøre antrekk og slikt til Winter Gala), så er det fysikkprøve frå klokka åtte på onsdag (takk for den!), fri resten av onsdagen, og så blir det å dumpe innom på torsdag for å sjå film i ein time i engelsken og ete lønsj, og så skulle det vel meir eller mindre vere duka for ein månadslang vinterferie. Og det treng me no.
11. desember 2012
Året går som tidlegare nevnt (høvesvis unødvendig, då mange moglegens alt har tenkt dette ut på eiga hand) mot slutten, og året her nede vert, som skikk og bruk er, runda av med eit heidundrandes joleball. Abrasevic vart pynta opp som aldri før, både med dekorasjonar frå Winter Arts, samt ein liten dæsj ekstra, berre i høve det særs spesielle høvet.

Sånn mat et ein som regel ved festlegare høve i Mostar. Søtt-sunt-førehaldet passar meg særs gøtt.

Mange mannlege menneske som har vald å vise seg fram frå si fagraste side

Skulekoret syng «Double Trouble»

Tradisjonelt skal det vere – her dansast det vals (etter beste evne…)

Den påfølgande festen vart styrt med tysk presisjon!
18. desember 2012
Anita, Nora og eg reiste frå Mostar tidleg, tidleg, laurdag morgon, og flaug frå Dubrovnik i tolvtida. Etter eit lit epitstopp i München i totida, landa me i Oslo rundt fem. Då vart det middag hjå bestemor til Anita, før det bar heimover med nattbussen (der eg møtte Ingeborg, og såleis sov veldig mykje mindre enn planlagt).
Men woop woop eg er heime i Noreg att! No skal jola nytast for det den er verdt den neste månaden. For på UWC in Mostar varar jula nemleg heilt til 15. januar!
Måndag og tysdag hadde eg lite mindre enn seks engelsktimar, der føremålet var å spreie den glade UWC-bodskapen til min lille avkrok av det ganske land. Og UWC har vorte særeigent godt motteke av desse så langt, så kanskje det vert eit par søkjarar frå Sogndal til neste år?
18. januar 2013
Etter ein månad med vineterferie er eg endeleg attende i Mostar! Ut over eit høvesvis sært samarbeid (eller mangel på-) mellom SAS/Lufthanda, litt andre logistikkutfordringar over helga, og at mobilen min braut saman samt at eg følte at eg mista det meste minst eit par gonger på veg ned, må vi vel seie at reisa gjekk ganske bra. Bortsett frå at eg ikkje hadde pengar på kortet, da. Men alt ordna seg, så alt er gøtt. Og kudos til self for å ha pakka på magefølelsen, og truffe på 23.25 kilo (av 23).
Det var utruleg triveleg å vere heime, og å helse på alle former av familie, vener andre og meir til, ete litt norsk mat, feire jul, sove og gjere nyttige ting. Så no er eg klar for fire månadar med ny innsatts, nye opplevelsar, impulsar og vener. Det var veldig triveleg å komme attende, så dette vert bra!
20. januar 2013
Det regnar hundar, kattar, regndropar og whatnot nedi sørstaten for tida. Mostar tilhøyrer den delen av verda som har regntid: det regnar eigentleg ikkje, men når det først gjer det, er det liten tvil om kva som er på ferde. Gatene er bokstavleg talt fylte med vatn, det dryp frå veggar, tak og vindaug og sjølv dei med ein indre Bergensar i seg føler at dei får vel mykje bang for the buck av by’n for tida.
Skoa mine har vore konstant våte sidan måndag, og eg innser at eg truleg snart utviklar froskehud. Nye, vesentleg meir hardcore sko har imidlertid vorte rekvirert, og dette har hjulpe på problemet. I dag nådde eg botnpunktet på regnfronten, og tok liksågodt på meg våte klede rett frå vaskemaskina då eg og Jasmine reiste ut for å jogge. Og ja, dei var faktisk tørrare då eg kom inn att, så det er framgang på vêrfronten, om ikkje anna.
Men vått er det – og blir det likevel.

Skjermdump: Yr.no