Lovleg og lovande

Etter eit knapt halvår her nede har eg no endeleg fått opphaldstillatelse. Det følest godt å vere lovleg.

Etter eit knapt halvår her nede har eg no endeleg fått opphaldstillatelse. Det følest godt å vere lovleg.
Og plutselg har nok ei kulturveke, denne gongen var det «Vest-Europa» (Hellas, Spania, Benelux-landa, Storbritannia, Italia og Frankrike) sin tur. Under kullturveker, her udødeleggjort av Jan Erik Vold, presenterer kulturvekelandet sin kultur ved å køyre aktivitetar av ulikt slag gjennom veka og ein storslått «feast», der dei serverer mat frå landa sine.
Det skjedde mykje moro i løpet av kulturveka: vi dansa, laga sjokolade, hadde britisk «pøbbkviss», «litterær aperitif» med ost og diktlesing, filmkveld og ei pizzabakeøkt. Ei flott veke – her er nokre høgdepunkt:
Klasseromsundervising på UWC er ikkje det same som alle andre stader. Klassane er mindre, lærarane er sprøare (for ikkje å snakke om at pensumet omfattar sprøtt mange ting) og det er rom for mykje kreativitet.
I engelsken les me for tida den ikoniske 1984-boka til George Orwell, om Winston Smith, som lever i eit dystopisk samfunn der alle skal vandre rundt som falske nikkedokker, med mindre dei ynskjer å bli drept av «storebror» (som alltid ser dei) og kjærleiksdepartementet. Her har dei òg sitt eige språk: newspeak, der språket er vaska for alt som minnar om språkberikelse (det vere seg adjektiv, følelsar, ord lengre enne it par stavelsar osb.). Det finst bra og det finst ubra – verken dårleg, jævlig eller fantistisk er naudsynte. Inntil vidare kan imidlertid veldig bra ting beskrivast som dobbeltbra, for dei som tykkjer det gjev meining.
For å få inn følelsen på kor avgrensande dette er i praksis, brukte me førre engelsktime på å skrive om skulereglementet til newspeak. Her vart setningen «unin house pluslate is doubleungood» (på norsk: «ui huset plusseint er dobbeltubra») til. Kan du gjette deg til kva det betyr? Når du er lei av å tenkte (gløymde eg å nemne at det er forbode, forresten?), finn du løysinga ved å bevege musa over den svarte teksten her: «Residence leaving after check-in is a serious offence», evt. «Å reise frå hyblane etter innsjekk er eit alvorleg regelbrot».
Og i psykologien, der vår alltid like skumle M (jf. James Bond) er tilbake etter eit vekelangt hemmeleg oppdrag, vart me i dag delt i to grupper, med følgjande oppdrag: De skal skape kvar dykkar «sekt» her på skulen. De får ei veke på dykk, og det er om å gjere å omvende så mange av klassekameratane dykkar som mogleg. Så ja, mykje moro på gang for tida…
UWC in Mostar har eit rikt repertoar av CAS-ar, «fritidsprogram» som kjem «på kjøpet» med ein IB-utdanning, bokstavleg talt frå flyktingleiren til magedans. No har eg besøkt Languages ab initio, eller «språk frå byrjinga av» på morsmålet. Her køyrer dei lynkurs i alt vi har å ta av av språkleg mangfald her i Mostar, frå Brasiliansk til Færøysk. I dag var det tid for teiknspråk.
Me lærte teiknspråk, nærare bestemt ei ASL-dialekt, av Spencer, ein amerikansk andreåring som har vakse opp med ein døv bror. I løpet av ein halvtime hadde me gått gjennom heile døvealfabetet, og det var ikkje på langt nær så vanskeleg som ein skulle tru. Så ta deg ein tur på YouTube og søk rundt litt, så lærer du det fort!
Mostar har eit flott konsertlokale og kultursenter kalt Kosaca, der me mellom anna har skuleavslutningane våre. Her køyrer dei til tider gratis skodespel og konsertar av alskens slag (sist eg var der, hadde dei sett opp eit julespel av det særare slaget, med masse masse mel overalt), og i dag var det klassisk musikk som stod på tapetet.
Konserten var flott, og hadde til og med ein solist som spelte på ein gigantisk xylofon (då må det jo bli bra!), og eg tok opp heile greia, for alle som tilfeldigvis ikkje skulle befinne seg i Mostar omtrent på denne tida (spesielt min kjære feleelskande bestefar), så om du føler for litt klassisk berikelse, kan du lytte her.
.