Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Den Store Krossferda

I dag stod eg, Sofia, Jasine og Yuval opp klokka sju for Ä leggje ut pÄ tokt mot den gigantiske krossen som er sett opp pÄ toppen av eit av fjella pÄ den Kroatiske/katolskkristne sida. Krossen er sÄ stor at du kan sjÄ han uavhengig av kvar du er i Mostar, og det er i grunnen eit ganske sÄ enormt monument.

 

SjÞlvaste krossen, framleis pÄ solid avstand.

SjÞlvaste krossen, framleis pÄ solid avstand.

Interessant nok er det meir eller mindre det einaste religiÞse symbolet her. PÄ trass av at mange er meir religiÞse enn snittet er i Noreg (som ikkje skal veldig mykje til), ser ein veldig fÄ med t.d. kross rundt halsen, hijab og liknande.

Ferda gÄr oppover

Ferda gÄr oppover

Det viste seg at vĂȘrgudane ikkje delte vĂ„rt syn pĂ„ dette som ein god dag for krossferd, men pĂ„ trass av dei, kom me oss opp til slutt. Det viste seg Ă„ vere ein rimeleg passeleg lang tur, som tok tre timar saman med ein brasilianar, ein brite og ein israelar.

Den vestre delen av Mostar. Ser du eit blÄtt tak? Det er Sundstad!

Sentral-Mostar og delar av austkanten. Den oransje bygningen er Spanjolski Trg 1, som husar mellom anna United World Colleg in Mostar.

Sentral-Mostar og delar av austkanten. Den oransje bygningen er Spanjolski Trg 1, som husar mellom anna United World Colleg in Mostar.

Den vestre delen av Mostar. Ser du eit blÄtt tak? Det er Sundstad!

STD Oddfjord – eit lite stykke norsk kulturimperialisme

I haust laga Bergens Tidene, i samarbeid med PistolShrimps med fleire, kortfilmserien STD: Oddfjord, som fĂžlgjer NYPD-politimannen Dave, som fĂ„r nok av storbylivet, og slĂ„r til pĂ„ eit jobbtilbod i den vesle bygda Oddfjord, som viste seg Ă„ vere meir spanande enn forventa. Den heller sinnsvakt gale serien nemner alt frĂ„ Monstermaster til litt kritikk av opphausingen av konseptet «piratkopiering» til kor lett det er Ă„ fĂ„ skrive ut reseptbelagt medisin, pĂ„ ein god balnding av engelsk og bergensk med teksting.

Serien vart teken opp i gale Dale (haha, rim, wee!), og er, pÄ trass av sinnsvakheita, rimeleg artig. Han inngÄr i vÄrt kulturimperialistiske reportoar, og har vorte vist for mangt eit menneske her pÄ bruket, og spesielt amerikanarane ler seg langflate av han. STD: Oddfjord er pÄ Facebook, og alle episodane finn du pÄ BT si Oddfjordside.

Skihelg i Jahorina

Heile helga har 30 av oss hatt gleda av Ä besÞke skianlegget i Jahorina, eitt av dei stÞrste anlegga i Bosnia-Herzegovina, som ligg nokonlunde sÞraust for Sarajevo. Anlegget vart i praksis bygd for kvinnedelen av vinter-OL i 1984, og har sidan hatt ein voldam turistvekst, som fÞrte til ein endÄ stÞrre utvikling av omrÄdet.

Dei eldste skiheisane i Jahorina (Public domain)

Dei eldste skiheisane i Jahorina – fantastiske gjenstandar! (Public domain)

Me reiste frÄ Mostar i fem-sekstida laurdag, og alt i titida var me klare til innsats. Anlegget var tipp-topp moderne, med alt hjartet mÄtte begjÊre, inkludert stolheisar (noko eg faktisk aldri har prÞvd fÞr). Det mÄ nemnast at dei lokale stÄr pÄ ski som dei kÞyrer bil, og at dette er bÄde lite vakkert og lite trygt, men sÄ lenge ein har hjelm, gÄr det meste bra. Det var relativt tÄkete laurdag, men sÞndag var det skyfri himmel og sÄ norsk vinteridyll som ein kan tenkje seg Ä fÄ i Bosnia-Herzegovina.

Brite og spanjol klare for ski - begge for fĂžrste gong

Brite og spanjol klare for ski – begge for fĂžrste gong

Naturleg nok hadde langt frÄ alle vore ute ei vinternatt fÞr: eg veit ikkje om entusiasmen over Ä kunne boltre seg i snÞ eller klesstilen deira var flottast. Heldigvis vart me bra passa pÄ av vÄr myndige austerriske fransklÊrar, som, i tillegg til Ä vere ei rett sÄ kapabel kvinne, er rimeleg vand med vinter, ski og andre fine men kalde ting.

Vent! Kva i alle dagar er det der?

Vent! Kva i alle dagar er det der?

Å, nemmleg! Det er berre ein brite pĂ„ slalĂ„m i dinosaurpysjamas...

Ein brite pÄ slalÄm i dinosaurpysjamas, sÄ klart!

Alt i alt to flotte dagar med mange flotte menneske – og ein dinosaur…

PS: Dette var ĂČg fĂžrste gong eg var i Republika Srpska, den andre delen av BiH. Delinag i to entitetar er ein av sĂŠreigenheitane ved BiH, som du godt kan lese mykje meir om, t.d. pĂ„ Wikipedia.

Say Hello to My Chinese Friend – BiH og forbrukarrettar

 

Mange europearar har ikkje noko spesielt sterkt forhold til Balkan. Dei ser gjerne pÄ regionen som relativt rasert, underutvikla og konfliktfylt. PÄ handelsfronten er dette sÄ langt frÄ rÞynda som ein kan komme. BiH generelt, og byane spesielt har som regel eit stort utval, der store delar av sortimentet bestÄr av importerte varer av hÞg kvalitet, som til dÞmes Nutella.

NĂ„r det gjeld forbrukarrettar, stĂ„r desse ĂČg langt sterkare enn ein skulle tru. Juridisk sett er dei dekka pĂ„ om lag same linje som eit gjennomsnittleg europeisk land, og garantiar vert overhaldne. Servicen er ĂČg som regel fantastisk. Ikkje berre har eg levert inn ein musikkspelar som ikkje fungerte og fĂ„tt ny utan spĂžrsmĂ„l, eg gjekk ĂČg inn i ein tilfeldig databutikk dĂ„ min kjĂŠre Galaxy S3 midlertidig fann det for godt Ă„ takke for seg. Utan spĂžrsmĂ„l sendte dei han rett til Sarajevo, og ikkje berre kom han attende i ein del, men alle problema var fiksa, utan at det kosta meg ei einaste krone. Telefonen kjĂžpte eg opprinnleg av ElkjĂžp, som har vore langt mindre imĂžtekommande, for Ă„ seie det veldig forsiktig. Men sĂ„ enkelt er det diverre ikkje over alt.

Mepas, eitt av kjĂžpesentera i Mostar. (Foto: F. Pakovic, W. Commons. CC BY-SA)

Mepas, eitt av kjĂžpesentera i Mostar. (Foto: F. Pakovic, W. Commons. CC BY-SA)

Mostar kryr av ymse «kinasjapper», som alle kĂžyrer same profil: vindaug dekorert med kinesiske teikn, gule eller raude lister, drifta av ein innvadra kinesar eller to, gjerne litt opp i Ă„ra, og hĂžvesvis konkurransedyktige prisar. SĂ„ langt er alt greitt. Men den andre sida av historien er vesentleg mindre flatterande: produkta er av elendig kvalitet. Enkelte klesplagg mistar all farge i vask (eller nĂ„r du har dei pĂ„ deg). LuftgevĂŠra skyt bakover. Lista over produktfeil er like lang som produktkatalogen. EndĂ„ verre er rykta om at kundar har «forsvunne frĂ„ butikkane», for sĂ„ Ă„ verte utlevert mot lĂžysepengar eller sendt vidare til organiserte menneskehandlarar.

Ein dag i oktober var Anita og eg pÄ veg ut for Ä ete middag. PÄ vegen fann eg ut at det i grunnen hadde vore greitt Ä ha ei klokke, og sidan me fÞrst gjekk forbi ein butikk som sÄg ut som han hadde litt av kvart, kunne det jo ikkje skade Ä ta ein kikk. Eg fann ei klokke som sÄg heilt grei ut, og kosta akkurrat passe mykje (eller lite) i mine auge. Klokka var kjÞpt for ti konvertible mark, rimeleg nÞyaktig fem euro, eller om lag 40 norske.

Den natta gÄr eg til sengs som ein lukkeleg mann. Eg har jo trass alt klokke. Eg vaknar morgonen etter, og kikkar pÄ den nye klokka mi. Den er halv fem. Det er verken alarmklokka eller PC-klokka mi. Ein halvtime seinare er bÄde eg og alle dei andre pÄ skulen, og det verkar som om alle dei andre meiner at klokka er rundt Ätte. No er klokka mi ti, sÄ forskjellen er, i all rettferdigheit ikkje sÄ stor lenger. Men likevel ganske vesentleg.

Alle IB-elevar og tidlegare ex.phil.-studentar kan relatere til Theory of Knowledge, «tullefaget» kunnskapsteori, der opp er ned, ned er iskrem, som igjen godt kunne vore gjennomfĂžrbart som politisk system. Eller i alle fall vorte vurdert. Kanskje. Vi veit i grunnen ikkje, sidan vi ikkje har prĂžvd endĂ„. Og, forresten: kva er eigentleg ein iskrem? Ein seier at alt er relativt, inkludert tid, men personleg kunne eg godt tenkje meg Ă„ halde meg nĂŠr nok folkets definisjon av tid inntil vidare.

SĂ„ dĂ„ ber det, naturleg nok, attende til kinasjappa. «SĂ„ klokka di viser feil tid? Det var jo frykteleg kjedeleg. Skal me ta Ă„ skifte batteri i ho, kanskje?». StrĂ„lande, god hjelp nĂ„r ein treng det. Men dagen etter (som er to dagar og vel tre timar tidlegare, i fylgje klokka mi), er rĂžyndoms- og tidsoppfatninga til underteikna sitt armbandsur nok ein gong pĂ„ akkord med rĂžynda.

Etter skulen gĂ„r ferdasjĂžlvsagt til kinasjappa. «Klokke? Feil tid? Skal me byte batteri?». Eg forklarar at det er veldig sĂžtt av dei, men at eg godt kan freiste lukka i ei anna sjappe. Det fell ikkje i god jord. Eg prĂžver Ă„ forklare at eg kjĂžpte ei klokke hjĂ„ dei for ikkje sĂ„ alt for lenge sida, og at ein ting som ikkje kan vise tida, openbart ikkje kan vere ei klokke. Det tykkjer dei hĂžyrest veldig urimeleg ut. Og nĂ„r dei tenkjer seg om, har dei eigentleg aldri sett meg fĂžr. Dei har i alle fall ikkje sett meg pĂ„ tre veker. Og sĂ„ lenge kan ein jo ikkje forvente at klokker varer. Den var jo trass alt billeg. Dei gjer det ĂČg ganske klart at dei ikkje har eit stort behov for Ă„ sjĂ„ meg att pĂ„ ei stund.

PĂ„ dette tidspunktet vel eg Ă„ vise fram ei mindre snill side av meg sjĂžlv, og ber dei skrible ned galskapen pĂ„ eit varig medium. Eg fĂ„r ein lapp pĂ„ kroatisk. Eg fĂ„r ikkje vite kva som stĂ„r pĂ„ han. Eg fĂ„r faktisk ikkje vite noko som helst meir, for dama har «glĂžymt» engelsk. Det er openbart ikkje sĂ„ mykje meir eg kan gjere.

Sona, d.o.o., der eg kjĂžpe den berĂžmmelege klokka.

Sona, d.o.o., der eg kjĂžpe den berĂžmmelege klokka.

Heime pĂ„ Sundstad fĂ„r eg lappen oversett: «For 20 dagar sidan kjĂžpte han ei klokke. Vi forklarte han at han fekk ein to dagars garantiperiode». Veldig generĂžst. Eg hadde ĂČg angiveleg vore rett sĂ„ skummel og truande, og kinadama fĂžlte seg veldig redd, i fylgje lappen. Huff, sĂ„ slem eg er.

PĂ„ sĂžndag kjĂžpe eg meg ei ny og skikkeleg klokke. Den kosta litt meir, men var likevel billeg, og – endĂ„ betre: ho viser framleis tida. Den gamle klokka mi sendte eg med Iida, min finnske samĂ„ring som slutta rundt juletider. No ligg ho i Finland, der ho minnar mi finnske veninne om landet som ikkje er som alle andre land, sjĂžlv om det er veldig fint pĂ„ mange mĂ„tar likevel.

KjĂŠrleik i lufta

Det er valentinsdag, og kjĂŠrleiken pĂ„ UWC Mostar blomstrar. MoPS («Mostar Organized Peer Support») har ansvar for Ă„ organisere fellesaktivitetar, og eit stort apparat har vore i sving for Ă„ sikre ein verdig valentinsdagfeiring.

Det ferdige valentinskortsystemet er hengt opp pÄ veggen, saman med Margherita, som gjer seg klar for Ä spreie litt kjÊrleik.

Det ferdige valentinskortsystemet er hengt opp pÄ veggen, saman med Margherita, som gjer seg klar for Ä spreie litt kjÊrleik.

Brorparten av gĂ„rsdagens kveld gjekk med til Ă„ klippe opp enorme megder hjarte av alle storleikar, og til Ă„ utforme «valentinskortsystemet» over, der alle har hĂžve til Ă„ ta eit hjarteforma kort og skrive eit par velvalgte ord til nokon eller noko. Alt to timar etter korta var pĂ„ plass var imidlertid samtlege hjarte oppbrukt, og eg mĂ„tte dĂ„ ta drastiske grep. Den resterande kjĂŠrleiken vart formulert pĂ„ noko ukonvensjonelle, men veldig effektive «rektangelhjarte».

"Vi introduserer rektangelhjarte! Like sÞte, og endÄ meir effektive!"

«Me introduserer rektangelhjarte! Like sĂžte, og endĂ„ meir effektive!»

Hjartet pÄ baksida av Gimnazia.

Hjartet pÄ baksida av Gimnazia.

Det er ikkje uvanleg Ä ikkje legge merke til ting som slÄr ein som ganske openbare. For eksempel hadde verken eg eller nokon andre lagt merke til dette gigantiske steinhjartet som var bygd opp pÄ baksida av skulen. Var det tilfeldig at me oppdaga det pÄ valentinsdagen?

Kake til Ilda, som var min "valentinvenn".

Kake til Ilda, som var min «valentinvenn».

I tillegg til kort hadde me to andre aktivitetar: «speeddating», der folk har hĂžve til Ă„ ha meir eller mindre romantiske samtalar i lĂžpet av eit kort tidsrom, og «hemmeleg valentinvenn», der alle fekk ein «valentine» som dei skulle vere spesielt snille med i lĂžpet av dagen.

Anita og valentinskort

Anita, valentinskort og mi veldig ryddige (kremt, ja vel..?) seng

No har me nett gĂ„tt gjennom vĂ„r del av den enorme haugen med valentinskort, og villeg delt ut til rette vedkommande. Og alt i alt var alle einige i at det var ein veldig fin og produktiv dag. SjĂžlv har eg ikkje gjort stort anna enn eit halvtimeslangt CAS-mĂžte, ein engelsktime, kaffi med Sejla, lunsj og middag og litt arbeid med eit sideprosjekt. Og sĂ„ fysikk, dĂ„. Det er alltid nok Ă„ gjere i fysikk…

GÄve frÄ "valentinvenen" min

GĂ„ve frĂ„ «valentinvenen» min