29. mars 2013

Kroken min. Han kom møblert og vel så det, om ikkje anna. På baksida av flagga ligg den neste «hola». Rett så heimekosleg.

Kroken min, del 2.
Her på bruket gjer vi det vi kan ut av det vi kan komme på av helgedagar, og den katolske påska er ikkje noko unntak i så måte. Vi har fri frå torsdag til måndag, ei god og fin langhelg som kjem godt med. Planen min er ein hybridferie som inneber ein kombinasjon av litt småreising, men med gode, gamle og trygge omgjevnadar som base, som forhåpentlegvis òg vil føre med seg litt høgst naudsynt pensumlesing.
Grunna administrative omsyn har heile flokken vorte gjeta over til Musala, den andre hybelblokka vår. Musala er det «sosiale senteret» vårt, der vi gjennomfører brorparten av CAS-aktivitetane, og det er her kunststudioet, scena og musikkromet vårt ligg. Blokka ligg nærare skulen og sentrum generelt og har litt betre plass enn gode gamle Sundstad.
Strøket er generelt meir «heimekosleg» enn Sundstad, med ein velutvikla «ta, låne og dele»-kultur, tre fungerande toalett og senger som knekk om du set deg litt for hardt i dei. På den andre sida er det litt meir varmt vatn i varmtvasstankane i dusjen, og det kjem godt med. To rullar dopapir vert utrasjonert med hard hand kvar fredag, og nåde deg om du er forkjøla. Ut over det legg ikkje administrasjonen seg vidare opp i kva du tek deg tid. Her går det i matkrig, ymse daffing, tedrikking, litt trening, jobbing når det passar seg slik, speling av musikk, sjonglering og anna verksemd.
Miljøendring er alltid bra, og det er kos med færre og andre folk, for ikkje å nevne det at ein endeleg kan stå opp når ein vil…
9. april 2013

Kantina er tom for tida…
Her i Mostar har vi hatt mange og lange diskusjonar, på fleire ulike nivå, om i kva grad me gjer ein forskjell, i kva grad det er viktig og på kva måte. Debattane har rast om alt frå Meatless Monday til resirkulering til korvidt ein skal kutte ut «liksom-Service-CAS-ar» til Global Awareness Sessions.
I dag gjennomfører Amnesty CAS den årlege sveltestreiken, eitt av dei mest konkrete og praktiske tiltaka skulen som heilheit deltek i. Alle deltakarar har gått med på å ikkje ete i kantina i løpet av dagen, og så samlar vi oss heller til massefråtsing i morgon kveld. Pengane vi sparer (enorme summar) vert donert til veldedige føremål. Det er eit veldig bra, direkte og effektivt tiltak som gjer ein forskjell i lokalsamfunnet. Nett slik det bør vere.
Kva med ein veggisdag i veka? (Via Oda Nissen)
10. april 2013
Hunger banquet

Betka førebur mat til dei rike
I staden for vanleg middagsmat møttest vi til «svoltbankett» i Spanish Room. Før vi kom inn, trakk vi lappar som forklarte kva inntektsklasse vi var i; låg, middels eller høg. Og etter ein introduksjon om matfordeling og andre viktige ting, vart vi mata etter prinsippa som CISV-lesarane mine kjenner frå Rich and Poor Game.

Dei «fattige» på golvet. Sjølv var eg fattig, men var ein av få som vart «sosialt migrert» til middelklassen på grunn av ein nyopna fabrikk.
Trash Fashion Show
Etter middag arrangerte Ecology CAS ein anleis moteoppvising, der alle antrekka var laga av boss (òg ikkje ukjent blandt oss CISV-arar)! Her er eit par høgdepunkt (her er fleire bilete):

Colleen frå USA

Dea frå Bosnia-Herzegovina

Hawi frå Etiopia
12. april 2013

I tillegg til alt det andre som skjer denne veka, er det òg kulturveke, som pangstarta med leirbål, pølser og stjernekikking i går kveld.

Det er feast, og Valeriya frå Kviterussland har pynta seg!

Max frå Austerrike gjennomfører dei siste førebuingane før festivitetene brakar laus

Marketa frå Tsjekkia er òg klar

Litt småtilfeldig gruppebilde av litt bosniarar, austerrikarar, tyskarar, polakkar, slovakar og andre.

Weronika frå Polen
16. april 2013
Idag är inte någon vanlig dag
I dag vakna underteikna rundt femtida av at to staute mannfolk lista seg inn på rommet. Slikt er vanleg nok, og eg valgte å ikkje bry meg vidare med det. Klokka halv sju vakna eg av ein voldsam skriking i gangen, gnidde meg litt i augene, og oppdaga at trynet var fullt av kattesand.
16. april er nemleg ingen vanleg dag. Det er siste skuledag for andreåringane. Og det kjem vi ikkje til å gløyme på ei stund. Den Mostarianske avslutningsfeiringa kan gje sjølv den mest hardbarka raudrussen bakoversveis, noko vi fekk smerteleg erfare klokka halv sju i dag tidleg.

Mateo fekk ein litt vanskeleg start på dagen. Han hadde nemleg fått dørkarmen teipa over med aviser. Og det er ikkje så greitt. Legg merke til koppane på golvet, som sjølvsagt er fylte med vatn! Resten av gangen var fylt med koffertar, for sikkerheits skuld.

… men på ein måte er aviser, koppar og koffertar betre enn å få døra sperra av eit garderobeskap som det til slutt tok seks folk å flytte!

Jochem hadde òg ein litt vanskeleg start på dagen.

Så var det å prøve å komme seg ned trappa…

Neste steg var å prøve å finne att (og, ikkje minst, få laus) skoa sine. På balkongen i 2. etasje fekk vi napp – her vart det knyting til langt utpå morgonkvisten…
Og vi er i gang

Leiken har byrja. Sånn i tilfelle nokon ikkje skjønte det på eiga hand.
Morgonen var i grunnen sær nok i seg sjølv: tannkrem og vassglas over alt, dørene på bada i jenteetasjen mangla plutsleg, og straumen hadde «forsvunne» på mystisk vis, på same måte som skoa våre. Og den veldig kjære PC-en min («spesialbehandling» frå ein av andreåringane mine, som veit kor mykje det stressar meg å måtte leve analogt). Ein del av underbevisstheita mi rekna med at alle kleda mine var stolne, så eg var i grunnen positivt overraska på eitt eller anna nivå òg, om ikkje anna. Alle vakna opp til følgjande beskjed på e-postlista:
LET’S PLAY A GAME!
- Everyone is playing (it’s compulsory)
- You play, you lose
- Attempts of revenge will be penalized
- Complaining won’t work
- In this game, the only winners are second years
Og med desse vise orda i bakhovudet, traska vi alle, lett skremte, til frokost…
Leiken held fram

Ein litt røff dag på jobb for underteikna. Foto: Bo Donners
To minutt på åtte var 20 stk. lettare dynka individ på plass for økonomi, læraren kom hastande inn som vanleg, og såg om lag like misnøgd ut som ho pleier. Ho spøurte «Kvifor har de sand i fjeset, folkens?», før det fort dimra for ho, og ho utbraut eit «Å, herre gud, det er den dagen. Ja ja, vatn er ikkje så ille, gitt omstendigheitene (dette kjem frå dama som ikkje lar oss sitje i t-skjorte i klasserommet av frykt for at vi skal bli forkjøla). Men kva enn de gjer, ikkje gå til Velic – kjenner eg dei rett, kjem de i så fall til å bli egga ned…»
Velic
Velic var langt meir siviliert enn det har vore på lenge, i fylgje rykta. Om det hadde med at halve administrasjonen, inkludert viserektor og M, hadde lina opp for å sjå til at liv, helse og større materielle verdiar vart spart eller ikkje kan ein umuleg seie med sikkerheit.

Ein stykk andreåring i sitt rette element.

Sjølv Victor, skulens rebell med stor «R», gjev opp utan kamp.
Dagen enda med avlyste blokker, ein totimers joggetur saman med ein kinesar for underteikna sitt vedkommande, og PC-en vart returnert til slutt. La oss kalle det ein dag utanom det vanlege, utan at det nødvendigvis må vere noko gale med det. Snarare tvert imot!