19. april 2013
I år bestemte vi oss for å lage «barnas dag» på UWC Mostar. Eigentleg ikkje kva som helst for barn sin dag, men barn med «spesielle behov», som kanskje ikkje får eit så godt tibod som dei fortener til vanleg. Vi prøver å hjelpe dei så godt vi kan i det daglege gjennom Service-CAS-ane våre (t.d. IDP-leir-CAS-et),og av og til prøver vi å få til dagar litt utanom det vanlege, som i dag, då heile gjengen tok ein dag fri og inviterte nær 400 ungar ut i skulegarden til fire timar med leik og moro.

Sejla knyter saman ballongar

Brannvesenet tok turen for å fylle opp fontenene for sommaren

Ljubo Beslic, ordføraren her i by’n, opnar showet.

Bamse saman med Zedina og Adla

Christina med ein unge frå den lokale SOS-barnebyen

Eitt anna ungt og lovande menneske

Klovnar frå Sarajevo

Tautrekking

Handmalingsstasjonen

Masse maling…

Når vi først hadde maling tilgjengeleg, hanka «M» inn Teo og sørga for at han «kompenserte for manglande oppmøte til ToK». Dette er Teo sitt profilbilde den neste veka.

Vi bestemte oss for å vere litt pragmatiske, la miljø- og andre innvendingar mot McD liggje og invitere flyktningleirungane til Ronald & co på lunsj.
30. april 2013
UWC-bevegelsen strekkjer seg langt og breitt, og det er eit stort mangfald blant UWC-elevane. Blant dei tidlegare elevane er Willem-Alexander, kronprins og i løpet av dagen konge av Nederland (om alt går etter planen), då dronning Beatrix gjer seg klar for å abdisere. Han gjekk ut frå Atlantic College i 1985, og kjem attende til skulen årleg, ifylgje kjenningar ved AC.
Den nederlandske kongefamilien er godt likt, og gatene er etter sigande rimeleg oransje for anledninga. Her på bruket går denslags sjølvsagt ikkje gått upakta hen, og nederlendarane og andre er kledde opp i orange og sære hattar for anledninga. Og vi ser sjølvsagt kroninga direkte i Abrasevic!

Bo og romkameraten byrja feiringa i dag tidleg. Foto: Bo Donners
4. mai 2013

Eksamen i India. Foto: Yann, CC BY-SA
Av alle ting ein fryktar med IB, er eksaman utan samanlikning den verste. I løpet av 14 dagar har alle ein stad mellom ti og 20 eksamenar, og i motsetnad til i Noreg er det i all hovudsak eksamenskarakterane som tel heromkring. Tillatne hjelpemiddel er eit gjennomsiktig penal med skrivesaker, punktum. Kalkulator er lov av og til, og, på invigilatorane (eksamensinspektørane i IB-systemet) sin nåde, ei flaske vatn i ei gjennomsiktig plastflaske utan merkelappar. Tatoveringar og skribleri på armar, bein og andre kroppsdelar vert nådelaust bandasjert vekk. Og så er det berre å setje seg ned for å skrive eksamenar like lange som heildagseksamenane heime i løpet av mellom ein og to timar. Enda betre: når dei er over er det på tide å sei hadebade til alle saman – mange for godt. Huff, for ein fæl månad.
10. mai 2013
Våre kjære andreåringar fullførte skuleåret for nær ein månad sidan (noko som ikkje gjekk upåakta hen), og har brukt det som offisielt vert kalla «studieferien» til å daffe rundt på ymse eksotiske destinasjonar (og så har dei kanskje lest litt til eksamen). Og i dag var det endeleg vår tur! No er det slutt, rett nok med ei lita hake: eksamenar i engelsk, psykologi, fysikk og norsk, i tillegg til to i økonomi og matte skal gjennomførast i løpet av dei neste to vekene. Men det står vi i.

M et al. (2013): Psykologiklassen vår. Foto: Marjana Tomas

Engelsken vart avslutta for i år med piknik i parken.

Scones
15. mai 2013
Mostar i eit nøtteskal: Sofia har laga ein veldig fin video med folk frå skulen som gjer ting: