Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Ei natt i parken

Klokka er eitt, og det er ingen rom i sikte. Men gjer det eigentleg noko? Eg tenkte jo eigentleg Ă„ stĂ„ opp klokka seks uansett, og det er jo berre fem timar til. Om ein snur situasjonen, er dette ein unik sjanse til Ă„ oppleve nattlivet i ein stor turistby pĂ„ nĂŠrt hald, fĂ„ teke knekken pĂ„ litt tvangslesing og kanskje til og med fĂ„ knipse litt vakre soloppgangar. Slik blir det — eg gĂ„r for Ă„ dĂžgne i parken.

Midt i blinken

Eg set meg til pÄ ein benk, brukar kofferten som kvilepute for beina og har det eigentleg kjempekoseleg med boka mi. Eg sit midt i ein leikepark, og ungdom i sin beste alder kjem innom for Ä prÞve treningsapparat litt her og der, elles er det ganske stille. Parken ligg rett ved gjestehamna, der det for tida ligg tre flotte skip med australiarar ombord. Desse og eit par andre folk spaserer frÄ tid til annan innom parken, og vi pratar litt om laust og fast.

Ein annan reisande legg seg til for Ä sove pÄ nabobenken. Etter kvart blir det rimeleg stille, bortsett frÄ ei politipatrulje som spaserer innom og avleverer eit nikk og eit lite smil til ein ung bokorm ein gong i timen.

Felles for alle eg mĂžter er at dei er flotte og trivelege menneske. I etterkant var det veldig Ă„lreit Ă„ ha prĂžvd ei natt «ute», og ho gjekk mykje fortare enn eg hadde trudd. I femtida fĂ„r eg til og med lyst til Ă„ prĂžve treningsapparata i parken, og gymmar ein halvtime til lyden av bĂžlgjeskvulp og det eg har av musikk pĂ„ telefonen. Alt i alt ei flott natt.

Djevelen ligg i detaljane

Klokka er sju, og eg har vore i Dubrovnik i nÊr eit halvt dÞgn. Eg har hatt det etter fÞrehalda bra, men er klar for Ä forflytte meg til Mostar med Ättebussen. Eg har vore innom busstasjonen fire gongar i lÞpet av natta for Ä strekkje pÄ beina, sÄ eg veit godt kvar han er. Eg handlar litt bakevarer pÄ vegen, og kjÞper bussbillett i luka. Eg har vore vaken i 25 timar, og det merkar ein jo pÄ eit vis. Like fullt er eg innstilt pÄ Ä halde meg vaken den siste, kritiske halvtimen, sÄ eg kjem meg pÄ bussen og til Mostar.

BlĂŠh, grrr, ĂŠsj!

Eg kikkar pÄ klokka kvart femte minutt. Eg skal setje meg pÄ bussen med ein gong han kjem, sÄ eg veit at eg er ombord og trygt i hamn (eller ute av hamna, om du vil). Den siste kikken eg hugsar er 7.50. Det fÞlest som at eg drÞymer at klokka er 8.02, og at bussen gÄr frÄ meg, mens eg spring bak han. Eg kikkar pÄ klokka, og jaggu er ho ikkje to minutt over. Bussen er der, dÞrene er att, og han svingar ut frÄ perrongen.

Eg rÞyser meg opp, spring etter han og veivar med armane. Eg veit ikkje om han sÄg meg eller ikkje, men vekke er han. Eg spring til ein taxi og hÞyrer om det gÄr an Ä hive seg etter han. Det har ikkje sjÄfÞren trua pÄ. SÄ spring eg til skranken, og spÞr om dei har nokre tips.

— Kom tilbake klokka eitt, dĂ„ gĂ„r det ein ny buss.Konstrruktivt, men Ă„, for ein smertefull beskjed Ă„ fĂ„…

«Lite kjekt» er ein underdrivelse, og dĂ„ eg fĂ„r beskjed om at billetten min sjĂžlvsagt er verdilaus, synk stemninga sjĂžlvsagt endĂ„ eit par hakk. PĂ„ veg frĂ„ busstasjonen ytrast ikkje reint fĂ„ lite flatterande gloser pĂ„ ymse sprĂ„k. Lite kjekt. Veldig lite kjekt.

Betre tider

Utfordingane stÄr i kÞ. Trafikken er attende, og no pÄ rushtidsnivÄ. Supermarkedet er tomt for mynt (noko dei klarte Ä gjere til mitt problem) og bÄde eg og telefonen byrjar Ä gÄ tomme for energi. Ingen stikkontaktar i sikte.

Heldigvis finn eg meg til slutt ein flott frokostkafé, der eg har brukt dei site to timane pÄ to glas ferskpressa appelsinjuice, ein trippel sterk kaffi og to ostesmÞrbrÞd. Formen kjem seg, og livet er slett ikkje verst likevel. EnerginivÄa har nÄdd gamle hÞgder, og eg er klar for eit nytt Är med eventyr!

Av dette kan vi lĂŠre…

Min indre moralist tillét seg Ä synse litt rundt kva som kan gjerast anleis neste gong Norwegian tullar med det tekniske, slik at ein unngÄr Ä sitte ute i parken ei natt og Ä gÄ glipp av bussen sin dagen etter.

BĂžr eg hive meg pĂ„ ein taxi neste gong? Ringje frĂ„ Noreg for Ă„ ordne ein «kanskje-reservasjon» i tilfelle slike ting skjer? Eg tykkjer eigentleg ikkje det. Om eg kunne ha lĂ„st inn bagasjen hadde eg nok teke seks velfortente timar pĂ„ horisontalen i stadan, men det var det altsĂ„ ikkje (dei stengde 22.30, dĂ„ bussen min skulle gĂ„tt).

Leve mobiliteten

Eg fĂžler meg heldig for tida. Det er utruleg greitt Ă„ kunne «ordne opp» (eller velje Ă„ ta ting som det kjem) undervegs utan Ă„ mĂ„tte ta hensyn til sĂ„ veldig mange andre enn meg sjĂžlv. Eg fĂžler meg rett og slett meir mobil og fleksibel enn nokon gong.

NĂ„r det er sagt, hadde eg nok tenkt meg om bĂ„de to og tre gonger fĂžr eg hadde funne pĂ„ noko liknande i ein by som ikkje er sĂ„ trygg som Dubrovnik…

Heime att

Etter ei heller turbulent reise er eg pÄ plass i Mostar. Det er utruleg, fantastisk koseleg Ä sjÄ alle dei 74 fantastisk flotte samÄringane mine att etter ein lang sommarferie, og Ä ha litt tid saman til Ä ta det heilt med ro og gjere nett kva vi vil. Dagane gÄr med til innsjekk, henging pÄ ymse kaféar, utforsking av nye og uoppdaga symjebasseng, planlegging av faddervekene (fÞrsteÄringane kjem i morgon!) og alle andre ting vi har lengta etter Ä gjere i tre mÄnedar.

Anna med litt av bagasjen min.

Anna med litt av bagasjen min.

Anita sleit ĂČg med Ă„ fĂ„ orden pĂ„ bagasjen sin.

Anita sleit ĂČg med Ă„ fĂ„ orden pĂ„ sitt jordlege gods.

Og vi er i gong!

Ein superduper gjeng med fÞrsteÄringar er pÄ plass i Mostar! Det er eit hav av nye fjes og namn, men erfaring viser at alt ordnar seg, sÄ lenge ein tek tida til hjelp. Her er videoen frÄ opningsseremonien:

Dea terpar Kamate

Dea terpar Kamate

Opningsseremonien