Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Å gå ei ekstra mil

Økonomilaurdag.

Musala, laurdag morgnon: Vaknar, opnar døra på veg til badet og står ansikt til ansikt med økonomilæraren Azra: Ho har openbart reist heile vegen til Musala for å gje oss tre timar med «bonusøkonomi», inkludert ein økonomitest, tidleg på laurdagskvisten. Godt med helg, mann!

 

Ein mindre strek i rekninga: det einaste whiteboardet i huset har vorte brukt i eit kunstprosjekt, og er alt merka for livet. "Eg håpar nokon av dykk har ei flaske rakia i skapet".

Ein mindre strek i rekninga: det einaste whiteboardet i huset har vorte brukt i eit kunstprosjekt, og er alt merka for livet. «Eg håpar nokon av dykk har ei flaske rakia i skapet».

Dei er endeleg her!

Pappa har funne seg godt til rette i Dubrovnik-parken min

Pappa har funne seg godt til rette i Dubrovnik-parken min

Familien har teke turen til Mostar for å seie hei og sjå byen! Eg tok bussen til Dubrovnik og møtte dei der på laurdag. Så leigde me ein bil og køyrde til Mostar på søndag. I mellomtida kikka vi på gamlebyen!

Dubrovnik har ein fantastisk gamleby, som ein får flott utsikt over frå muren som ligg rundt han.

Dubrovnik har ein fantastisk gamleby, som ein får flott utsikt over frå muren som ligg rundt han.

Basketballbane

Basketballbane

Mamma, Isak og Rakel på veg rundt den gamle bymuren.
Love locks: kjærastepar reiser til Dubrovnik og låser seg fast i gjerdet. Ekteskapet skal vare til låsen bryt.

Love locks: kjærastepar reiser til Dubrovnik og låser seg fast i gjerdet. Ekteskapet skal vare til låsen bryt.

Ei sjørøvarskute inntek gamlebyen.

Ei sjørøvarskute inntek gamlebyen.

Censusship

Den beste delen av skjemaet? Den som ber deg fylle ut strekkoden din.

Folket skal teljast her i BiH, og slikt tek ein ikkje lett på. Førre gong det skjedde var i 1991, då landet framleis var del av Jugoslavia (høgkommisæren for flyktningar gjennomførte rett nok ein uoffisiell teljing i 1996, men den er ikkje annerkjend). Etter det har ein gjennomført rimleg kontroversielle estimat med jamne mellomrom. Eg prøvde å lese om «the importance of census», men den lenka fungerte diverre ikkje. Om ikkje anna veit eg at resultata vil bli nytta som politisk kjøttvekt i den evige kjeklinga mellom dei tre etnisitetene. Alltid godt å vite at ein bidreg til ei god sak.

Skjemaet inneheld ein heil del spørsmål som truleg er spanande nok på originalspråket, og hundre gonger betre på engelsk. Det kan nytast i all si prakt på heimesida til folketeljinga (PDF, engelsk på s. 20).

PS! Noreg hadde det som truleg var si siste manuelle folketeljing i 2001, og driv no kun registerbasert (altså automatisk) teljing. Gamle data er tilgjengleggjort hjå UiT til glede for slektsforskarar og andre interesserte.