Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.
Her på bruket roterer oss fire som deler bad på å «vaske det» (det vert reingjort annankvar dag av profesjonelle, for sikkerheits skuld). I dag har eg vaska for første gong. Og det var ei sann glede!
For heromkring vaskast det ikkje med klutar, moppar og «primitive Norwegian shit», som Toni kalte det. Neida, her nede i meir kontinentale strøk er kun det beste godt nok.
Den fantastiske Mostarmoppen
Så, korleis fungerer Mostarmoppen?
Du dyttar han framfor deg
Han har ein svamp under seg, som samlar opp alt av drit
Du dreg i ein spak over badekaret, og all driten renn ut
Eit sinnsvakt genialt patent. Lurer nokon der heime på kva samtlege får til jol?
Sjølv om det ikkje kjennest slik ut endå, er UWC skule, noko som vil bli veldig klart frå og med måndag førstkommande klokka åtte. Etter CAS Fair, plasseringstestar og litt tenking har eg no funne ut kva eg skal gjere på framover.
Fag
Vi skal ta totalt seks fag, der tre skal vere avanserte og tre skal vere på «standardnivå». Eg har landa på at eg prøver meg på fylgjande:
Engelsk på morsmålsnivå, avansert
Psykologi, avansert
Økonomi, avansert
Matematikk, standard
Fysikk, standard
Norsk på morsmålsnivå, sjølvstudium, standard
Ikkje noko tull, med andre ord. Men vi ser korleis det går.
CAS-ar
Ein annan fin ting med UWC er at ein vel «fritidsaktivitetar» innanfor områda kreativitet, sport og samfunnsteneste. Her har eg valgt:
Kreativitet: Model United Nations – liksom-FN, der alle er kvart sitt land og vi diskuterer ulike ting. Og så lagar vi ein stor tulle-FN-konferanse litt utpå nyåret!
Sport: Sjonglering med eldkuler – korleis går det an å motstå litt ekstra fyr og flamme i livet?
Samfunnsteneste: Klovne-CAS-en – i botn og grunn sjukehusklovnar, men i ein barnehage. Ein fin, samfunnsnyttig, lærerik og … fin CAS.
Då er det pluseleg 2. september, og det er klart for årets store rugbykamp, der to husa, Susac og Musala, slåss om å bli årets sigerherrar. Konkurransen er kjent for å kunne verte noko blodig til tider (det er trass alt rugby), men, som Amar seier:
The end justifies the means. I’ll hapily take a broken leg or two for Susac victory!
Ein tullar ikkje med rugby!
Frå «prøvekampen» til andreåringane: Jacob vert takla……og deiser i bakken. Rugby er ikkje noko tull.
Kampen gjekk overraskande roleg føre seg, og med unntak av eit par knekte tenner.
Etterpå er sjølvsagt alle vener attLurer du på korleis nye sko ser ut etter ein rugbykamp? Slik, til dømes.
Introvekene har floge av gårde, og det er skulestart! Her på bruket startar skulen klokka åtte, så med gåing, frokost, leksegjering i siste liten, dusjing og andre essensialiteter er det ganske håplaust å stå opp etter halv sju (ja, eg har etter kvart byrja å bruke ein del tid på badet).
Nattbilete av Gymnasia Mostar
På «Dag 6» skal eg gjere fint lite. Samling åtte, psykologi elleve, økonomi klokka to og resten er fri. Så i dag vart det først besøk til «The Chinese Store» og så «kaffi» (som betyr Cola eller Lemonade på næraste utestad) saman med Erika from America (som eg har alle fag utanom matte smaman med) og Adis. Og etter lunsj vart det daffing med min kjære co-year Anita. Ingen slitsom dag, med andre ord.
Alt på andre skuledag enda eg sjølvsagt opp med å få eittelleranna. Eittelleranna viste seg å vere at blodårene framleis justerer seg til den relativt saftige temperaturskilnaden mellom her og Noreg (som er på 15-30 grader litt avhengig av veret heime), og relativt saftig dehydrering. Så eg har vore på sjukehuset, fått reseptar og innkalling til spesialist og det som verre er.
Ein litt skummel og veldig ekkel drikk som skal drikkast med skei ein gong i kvarteret.
Legen sette meg òg på diett: kjeks, tørt brød, suppe og ei litt merkeleg vassblanding som smakar ein blanding av ekkelt og sitron. Og eg har fått aktivitets-, kjøtt-, melk-, sjokolade-, og God knows what-forbod dei næraste dagane.
Mine måltid framover.
Så dagen går med til halvhjarta psykologilesing, drikking av ymse væsker, surfing, synd-på-seg-sjølv-tykkjing, og å glede seg til folk kjem heim…