Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

50-årsjubileet: UWC Mostar tek til gatene

Eit par følk linar opp saman med ein gatemusikant.

Som ledd i UWC sitt fantastiske 50-årsjubileum har vi ein «gateparade», der vi spring gjennom gatene med flagga våre og ropar ting som styrkar nasjonalkjensla. Så vi har sunge «På låven sitter nissen», dei delane av ein «Karius og Baktus»-sang vi hugsa, «Ja vi elsker» og ropt «Hipp hipp hurra».

Og gjett kven som hadde dobbelt så stort flagg som alle andre? That’s right. Booyeah!

På vegen traff vi òg faktisk ein heil del nordmenn! Det er ein del av dei her, men det er nok minst like vanskeleg for dei å kjenne att oss som motsett.

Nora – her som menneskleg flaggstativ.

Ein utmerka slutt på «bursdagsveka»!

 

Nord- og Sørkorea i skjønn foreining.

 


 

Jubileumsvideo frå Red Cross Nordic.

Playing with Fire

Sjongleringsøktene føregår som regel i mindre fasjonable strøk.

Og endeleg var det tid for vår første sjonglere-med-eldkuler-økt! Vi starta med litt enkel sjonglering med «dagsjongleringsutstyr» (som ikkje involverer eld), og planen er å jobbe oss opp mot eit forrykande eldshow på gateparaden i februar! Det høyrest kanskje ikkje så opplagt ut, men det å vifte rundt med ballar fylt med ris er faktisk rett så avslappande. Eg elskar CAS-ane mine!

Franjo viser oss unge og lovande korleis ting skal gjerast.

Om ein tek skatestatisitikken min så langt i betraktning, er det nok greiast at vi held oss til ris (sjølv om det skulle vise seg å vere farleg og vondt nok). Eg føler at det her er på sin plass å nemne, for ordens skuld, at eg, etter dagens rugbyøkt, har prestert å skade høgrefoten òg.

Post

Innkommen post den siste tida – ein god start, men det er rikeleg med plass til meir!

Å få post er særs ekstremt meget triveleg, og på den fronten er for mykje er langt betre enn for lite! Send særs gjerne kva som helst til:

Sjur Hamre
UWC Mostar
Spanski Trg 1
88 000 Mostar
BOSNIA-HERZEGOVINA

Hjartleg takk for alt innkomme så langt. Eg er litt på etterkant på brevfronten, men storuttrykket med postkort kjem før de anar det!

I have a horse — on wheels!

Duck on wheels. Treng eg å seie noko meir? Foto: Thomas Høyrup Christensen

Eg har ikkje hatt ein skikkeleg tohjula kompanjong på over fem år – men det har eg no! Den avbilda farkosten vart min for den nette sum av 329 KM (om lag 1300 kroner), og eg fekk med ein gratis skiftenøkkel!

Mah bike y’all – vent og vakkert parkert utanfor Sundstad.

Søndag er ein bra dag

Kinamat

Team China overraskar stort med å servere Kinas nasjonalrett — ris

Iskrem

Det er ingen ting gale med å leggje frå seg leksene, og ta seg ein tur ut og kjøpe iskrem og pikekyss og konsumere the goods midt på gata.

Norwegian Dinner

Pizza og pannekaker med Nora og Anita

Balkan Cultural Week

Og sist, men ikkje minst, har vi starta Cultural Weeks-ene med Balkan, som betyr at vi, kvar dag i ei veke, får sjå ulike sider ved the local way of life.
I dag serverte dei nasjonaldrikken her nede, ekstra sterk tyrkisk kaffi, og eg drakk fire koppar. Oh by, was I hyper. Det blir lite søvn i natt…