Welcome to Mostar&Me, an informal blog about my adventures at UWC Mostar in Bosnia-Herzegovina from 2012 to 2014.
If you're not here to read about my high shcool years, I'd recommend visiting my personal website instead.

Mostar&Me

Min kjære co-year eldast

Miss Skrapås herself.

Alderdomen kjem krypande der du minst ventar han. Og plutseleg er òg Anita eitt år frå å verte 18. Av praktiske årsakar såg vi oss nøydde til å feire gebursdagen hennar etter amerikansk tid (som i praksis vil seie ein dag før), men det la ingen dempar på festlegheitene.

Banansplitt frå Roma

Så vi gjekk på Roma og åt verdens beste banansplitt. Og så gjekk vi attende til Sundstad og hadde rebusløp med marshmallows og surprise-surprise-par-tey med kaniner og det som verre er…

Kanin frå Nora und ich

Sjølvgjort er velgjort

Beklagar, kjære lesarar, men i dag føler eg for å dedikere eit innlegg til meg, eg og meg sjølv (tidvis kollektivt referert til som «vi» og «oss»)

Vi (og oss og forsåvidt alle andre) har hatt meir enn moderate problem med det trådlause nettverket her på Sundstad. Det har i praksis betydd at det har vore fullstendig lolcats-abstines i nær to veker. Og det kan me jo ikkje ha noko av.

vi gjekk til Emil Spago, vår meget dyktige, kapable, Ubuntuelskande og oppegåande IT-fyr, og spurte han om vi kunne få ein ruter. Han sa:

Så artig at du skulle spørje om det! Eg fekk nemleg nett ein sekk med ruterar frå Noreg – du må gjerne ta ein.

Sjølvgjort er velgjort! Kanskje litt vel heimekosleg, men han heng enn så lenge…

Vi henta eit gammalt spegelbilete frå Crashplan same natt, og lasta ned 100 gb mellom klokka 3.00 og 6.00. Å, good grief, what a lovely feeling!

Mah room y’all

Her i Mostar er alle elevane delt i to ulike «residensar»: Susac og Musala, der alle bur i rom saman med alt frå null til tre andre. Samanlikna med Musala er Susac kjent for å liggje mindre sentralt og for å mangle fellesareal, men på den andre sida er den materielle standarden høgare, og maten betre og varmare.
Her i Susac er det mange ulike romstorleikar, frå «vanleg rom» (med senger,klesskap og eit bord eller to) til rom med balkong, kjøkken og bad, i tillegg til tidlegare nemde fasilitetar. I tillegg har me veldig grovt rekna eit bad per to rom, samt eit felleskjøkken i kvar etasje, til å grise, søle og vaske opp (mange vil hevde at sistnemnde aktivitet skjer sjeldnare enn han burde) på mellom måltida.

  

Rommet ser betre ut enn det har gjort på lenge, så då ville det ha vore litt teit å ikkje lagt ved litt bilete. For spesielt interesserte: inventaret inkluderer:

  • 2 stk senger (med skuff under)
  • Eitt klesskåp
  • To bord
  • To stolar
  • Eit nattbordsskåp (det andre kjem … snart nok, i fylgje kjelder)
  • Ei vifte
  • Ymist anna

I grunnen aldeles passeleg. Me har i grunnen alles, was das Herz begehrt, og det held som regel i lange baner. Og vi har truleg brukets beste utsikt, utan at det er noko vi klagar nemneverdig over.

Project Week

Youth Engagement-gruppa

Prosjektveka har starta! Veka er via til eit djupdykk i elev- og ungdomsråd her i Mostar. Og vi har hadde sjølvsagt vår eigen blogg!

Overaskelsesbesøk frå La Suisse


Det er ein vanleg Project Week-dag, og me har eit vanleg Project Week-møte. Ganske vanleg, om eg får seie det sjølv. Men plutseleg vart me overraska av ein sveitsisk skuleklasse, som av alle ting var på skuletur i Bosnia-Herzegovina, fann ut at dei skulle stikke innom Mostar fordi dei hadde litt for god tid, og rota seg inn hjå oss, fordi dei «hadde sett eit fint hus som [dei] lurte på korleis såg ut innvendig.
Sveitsarar er trivelege dyr, og sjølv om dei tykte at ein skule som involverte sjonglering med eldkuler, klovnekurs og mini-FN verka litt rart, var dei veldig einige i at det i grunnen er eit ganske kult konsept. Så kanskje det blir sveitsiske førsteåringar på oss til hausten?